Sørøya på New Zealand
Sørøya på New Zealand | |||
øy | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Del av | New Zealand | ||
Areal | 150 437 km² | ||
Folketal | 1 115 800 (juni 2017) | ||
Sørøya på New Zealand 43°59′00″S 170°27′00″E / 43.983333333333°S 170.45°E | |||
Wikimedia Commons: South Island, New Zealand |
Sørøya er ei av dei to hovudøyene på New Zealand, den andre er Nordøya. Namnet maoriane brukar om Sørøya er Te Wai Pounamu, som tyder ‘Grønsteinsvatnet’ (‘grønstein’ er jade og liknande), eller Te Waka a Māui, som tyder ‘båten til Māui’.
På 1800-talet vart Sørøya på somme kart kalla Middle Island eller New Ulster, og namnet Sørøya eller New Leinster vart bruka på øya som i dag heiter Stewart Island/Rakiura.
Sørøya har ei flatevidd på 151 215 km², dette gjer henne til den 12. største øya i verda. Langs vestkysten går fjellkjeda som er kalla Søralpane (Southern Alps). Aoraki/Mount Cook er det høgaste fjellet på New Zealand, 3 754 moh.
Sørøya vert ofte skjemtsamt kalla «fastlandet», fordi ho er større enn Nordøya, og fordi ho er den eldste øya i følgje mytologiske forteljingar til māoriane. Nordøya er den mest folkerike, tre av landet sine fire millionar innbyggjarar bur der, Sørøya hyser den fjerde millionen.
Regionar på Sørøya
[endre | endre wikiteksten]Større og mindre byar på Sørøya
[endre | endre wikiteksten]Geografiske landemerke
[endre | endre wikiteksten]Filminnspelingar
[endre | endre wikiteksten]Store delar av fleire kjende filmar er spelte inn på Sørøya, t.d. trilogien Ringenes herre (The Lord of the Rings) og i 2005 Legenden om Narnia: Løven, heksa og klesskapet (The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe).