South Sudan Oyee!

From Wikipedia
Jump to navigation Jump to search

Oh God!
We praise and glorify you
For your grace upon Cush,
The land of great warriors
And origin of world's civilization.

Første verset av nasjonalsongen.

«South Sudan Oyee!» er nasjonalsongen til Sør-Sudan. Han blei teken i bruk då landet fekk sjølvstende 9. juli 2011. «Oyee» tilsvarer 'hurra'.

Tekst[edit | edit source]

Songteksten blei skriven først ved hjelp av 49 diktarar og ein komité leidd av Joseph Abuk. Ulike diktdelar blei brukte til den ferdige teksten, som skulle oppfylla visse krav sette av Den sørsudanske frigjeringsrørsla. Nasjonalsongen skulle nemna landet si historie, folket, geografi og den lange fridomskampen. Arbeidet med songen tok til før sørsudanarane hadde røysta over om dei skulle krevja sjølvstende.

Melodi[edit | edit source]

Fleire musikarar fekk sjansen til å laga melodi til nasjonalsongen gjennom ein open konkurranse. Studentar og lærarar ved Juba University vann med sitt bidrag.

Bakgrunnsstoff[edit | edit source]

Kjelder[edit | edit source]