South Taranaki District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
South Taranaki District
distrikt
Hawera.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand

South Taranaki District
39°29′35″ S 174°26′49″ E

South Taranaki er eit distrikt på vestkysten til NordøyaNew Zealand, mot Tasmanhavet, og omfattar byane Hawera, Manaia, Opunake, Patea, Eltham, og Waverley. Flatevidda til distriktet er 3 575,46 km² og folketalet 26 700.[1] Distriktet høyrer til regionen Taranaki, men ligg i grenseområdet mellom regionane Wellington og Taranaki.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

I maoritradisjon vert det fortalt at Turi førte folket sitt, som var kome med Aotea wakaen (kanoen), gjennom landet frå Kawhia til Patea, medan dei som kom med Kurahaupo waka reiste frå landingsstaden sin ved Orakei til Taranaki. Folk i iwien Ngā Rauru, meiner bestemt at Kahui Rere ein māoristamme som vandra inn frå East Cape, alt heldt til på staden då dei kom fram. Ngā Rauru voks seinare fram som ei samansmelting av desse to gruppene[2]. Då europearane kom til Aotearoa, hadde maoriar halde til i dette området i fleire hundre år, rydda kyststripa til dyrkingsjord, men late innlandet stå att, stort sett urørt. Kristne misjonærar nådde fram tidleg i 1840-åra, og i 1860-åra tok den europeiske busetjinga til for fullt.

Næringsvegar[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringsvegen i distriktet er landbruk, og særleg mjølkeproduksjon er viktig. Elles er distriktet eit populært mål for turistar og andre tilreisande, og byen Opunake byr på dei beste tilhøva for surfing i regionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]