Southern Cross-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Southern Cross Expedition)
Southern Cross-ekspedisjonen sine leirhytter ved Kapp Adare, midt i ein pingvinkoloni.
Foto: Kuno Lechner
Kart over Antarktis som viser området der Southern Cross-ekspedisjonen dreiv utforsking (raudt rektangel). Kapp Adare ligg i nedre høgre hjørnet av rektangelet, Rossbarrieren ligg midt i rektangelet.

Southern Cross-ekspedisjonen (offisielt British Antarctic Expedition 1898–1900) var den første britiske oppdagingsreisa i den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking og ein forløpar for dei meir kjende ekspedisjonane til Robert Falcon Scott, Ernest Shackleton og Roald Amundsen. Det var den norskfødde, halvt engelske utforskaren og skulemeisteren Carsten Borchgrevink som hadde ideen til ekspedisjonen, som var den første som gjennomførte ei overvintring på det antarktiske fastlandet. Ekspedisjonen var òg den første som segla til Rossbarrieren sidan James Clark Ross oppdaga han i 1839–43, og den første som gjorde ilandstiging på barrieren. Ekspedisjonen var dessutan banebrytande i bruk av hundar og sledar i Antarktis.

Southern Cross-ekspedisjonen var finansiert av den britiske forleggaren George Newnes. Avreisa skjedde i august 1898 med DS «Southern Cross», og Borchgrevinks mannskap heldt seg vinteren 1899 ved Kapp Adare, heilt nordvest i Rosshavet. Her gjennomførte dei eit omfattande vitskapleg program, men høva for nærare utforsking av innlandet var sterkt avgrensa av det fjellrike terrenget med mange isbrear rundt leiren. I januar 1900 forlét dei Kapp Adare i «Southern Cross». Dei utforska så Rosshavet etter same rute som Ross hadde følgt 60 år tidlegare. Etter å ha nådd isbarrieren vart ei gruppe på tre menn dei første til å gjere ei sledeferd på barriereoverflata. Dei nådde 78°50'S, det sørlegaste punktet til då nått av menneske.

Ved tilbakekomsten til England vart ekspedisjonen kjølig motteke av det etablerte geografimiljøet i London, som var fornærma over at han hadde kome deira eigen Discovery-ekspedisjon i forkjøpet. Det vart òg ytra kritikk av leiareigenskapane til Borchgrevink og det avgrensa vitskaplege utbyttet av ekspedisjonen. Trass i den banebrytande verksemda i Antarktis oppnådde aldri Borchgrevink same heltestatus som Scott og Shackleton, og Southern Cross-ekspedisjonen vart snart overskygd av dramatikken som omgav desse og andre polreiser i denne tida. Roald Amundsen anerkjende likevel at Borchgrevinks ekspedisjon hadde forsert dei største hindra for å ta seg fram på det antarktiske kontinentet og opna opp for påfølgjande ekspedisjonar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonsleiaren Carsten Borchgrevink

Carsten Egeberg Borchgrevink var fødd i Oslo av engelsk mor og norsk far. I 1888 emigrerte han til Australia, der han blant anna arbeidde som landmålar i Queensland, før han takka ja til eit tilbod om ei lærarstilling i New South Wales.[1] I 1894 deltok han i ein antarktisekspedisjon finansiert av Svend Foyn. Han hadde som hovudformål å kartleggje høvet for kvalfangst i Sørishavet. Ekspedisjonen vart leia av Henrik Johan Bull i kvalskuta «Antarctic» og nådde Kapp Adare heilt vest i Rosshavet. Ei gruppe beståande av blant andre Bull og Borchgrevink gjekk i land og hevda å vere dei første menneska til å setje føter på det antarktiske kontinentet, uvitande om britiske og amerikanske selfangarar som hevda å ha gått i land på Antarktishalvøya i 1821.[2][3]

Dei gjekk òg i land på Possession Islands i Rosshavet, der dei la igjen ei melding i ein metallboks på Foynøya som bevis på besøket sitt.[4] Borchgrevink var overtydd om at plasseringa til Kapp Adare, med ein stor pingvinkoloni som gav enkel tilgjenge til ferskt kjøt og spekk, var eigna som base for ein framtidig overvintringsekspedisjon og utgangspunkt for undersøkingar av det indre av Antarktika.[5][6]

Fast bestemt på at han ville leie ein slik ekspedisjon sjølv, brukte Borchgrevink dei neste tre åra til å freiste å skaffe økonomisk støtte i Australia og England. Norsk støtte var umogleg fordi «Fram»-ekspedisjonane hadde stukke av med det som var mogleg å skaffe.[7] Trass i noko oppmuntring frå Royal Geographical Society (RGS), som han talte for på den internasjonale kongressen deira i 1895, var innsatsen i byrjinga resultatlaus.[4] RGS jobba i det skjulte med eigne planar om ein stor nasjonal antarktisekspedisjon[n 1] og var sjølv på finansieringsjakt, og Borchgrevink vart av presidenten i RGS, Clements Markham, sett på som ein påtrengande utlending og konkurrent. Borchgrevink klarte likevel omsider å overtale forleggaren George Newnes til å dekke heile kostnaden ved ekspedisjonen, om lag £40 000 (£3 300 000 i 2010-verdi).[8][9] Denne donasjonen gjorde Markham og RGS rasande, då beløpet ville vore nok til å få deira eige prosjekt på beina.[4] Newnes sin forretningsrival Alfred Harmsworth støtta elles Markhams ekspedisjon.[10] Newnes sette følgjande vilkår: Borchgrevinks ekspedisjon måtte segle under britisk flagg og under namnet The British Antarctic Expedition. Borchgrevink hadde ingen problem med å akseptere dette, sjølv om berre to av medlemmane i ekspedisjonen var britiske.[n 2] Dette forsterka Markhams fiendskap og forakt, som refsa RGS sin bibliotekar Hugh Robert Mill for å ha vore til stades ved lanseringa av Southern Cross-ekspedisjonen.[8] Der hadde Mill i gripande ordelag utbrakt ein skål for suksessen til ekspedisjonen og kalla det «ein skam for menneskeleg verksemd» at det var delar av jordkloden mennesket enno ikkje hadde freista å nå. Han håpte at denne skamma ville bli gjort slutt på gjennom «gavmildheita til Sir George Newnes og motet til Hr. Borchgrevink».[11]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Føremålet med ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Borchgrevinks ekspedisjon hadde både kommersielle, vitskaplege og geografiske mål. Han vurderte å etablere eit selskap for å utvinne dei store guanoførekomstane han hadde observert på ferda si i 1894–95, men dette vart det ikkje noko av.[5] I ei rekkje talar i vitskaplege selskap poengterte han kor mykje arbeid som kunne bli utført av ein overvintrande ekspedisjon, inkludert høvet til å fastleggje posisjonen til den magnetiske sørpolen.[4] Vitskapsmennene som Borchgrevink plukka ut til ekspedisjonen, var relativt uerfarne, men dei dekte eit breitt spekter av vitskaplege fagfelt: magnetisme, meteorologi, biologi, zoologi, taksidermi og kartografi.[12] Borchgrevink håpte òg at dei vitskaplege føretaka til ekspedisjonen kunne forsterkast av sledeferder og geografiske oppdagingar, og kanskje eit forsøk på å nå den geografiske sørpolen.[5] Utan kjennskap til geografien i Antarktika var han uvitande om at plasseringa til leiren ved Kapp Adare ville sjå bort frå omfattande undersøkingar av det indre av kontinentet.[13][14]

Fartøy[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonsskipet DS «Southern Cross»
For meir om dette emnet, sjå DS «Southern Cross».

Borchgrevink kjøpte inn den dampdrivne ishavsskuta «Pollux», bygd ved Colin Archer-verftet, som ekspedisjonsskip.[15] Archer hadde konstruert og bygd skipet til Nansen, «Fram», som i 1896 hadde vendt tilbake uskadd frå drifta si i isen under Nansen sitt forsøk på å nå Nordpolen.[16] «Pollux», som Borchgrevink like etter døypte om til «Southern Cross»,[13] var barkrigga, 146 fot (44,5 meter) lang og med ein tonnasje på 521 bruttotonn.[15] Motorane vart konstruert etter Borchgrevinks spesifikasjonar og installert før fartøyet forlét Noreg.[15] Markham sådde tvil om skuta var sjødyktig (kanskje for å hindre Borchgrevinks reise),[17] men «Southern Cross» viste seg å innfri alt som vart kravd av henne i det antarktiske farvatnet. I likskap med mange av dei historiske polarskutene hadde ho eit kort liv etter ekspedisjonen;[18] ho vart seld til Newfoundland Sealing Company, og i april 1914 forliste ho med heile mannskapet på 173 under ein storm utanfor Newfoundland.[19]

Personell[endre | endre wikiteksten]

Karikatur av Sir George Newnes

Landgruppa på ti som skulle overvintre ved Kapp Adare, bestod av Borchgrevink, fem forskarar, ein ekspedisjonslege, ein kokk som òg verkte som assistent, og to hundekøyrarar. Borchgrevink valde først ut berre nordmenn, men dette kunne ikkje Newnes akseptere.[20] Difor vart to engelskmenn og ein australiar med som medlemmar av den vitskaplege staben. Tasmaniaren Louis Bernacchi, som hadde studert magnetisme og meteorologi ved Melbourne Observatory, hadde eigenleg vorte utvalt til å delta på den belgiske antarktisekspedisjonen 1897–99 (Belgica-ekspedisjonen). Han hadde likevel vorte etterlate i Australia, sidan ekspedisjonsskipet «Belgica» ikkje gjekk til kai i Melbourne på reisa sørover.[21] Bernacchi reiste då til London og sikra seg ein plass i den vitskaplege gruppa til Borchgrevink.[21] Hans skildringar frå Southern Cross-ekspedisjonen vart utgjeve i 1901. Dei teikna eit kritisk bilete av delar av leiarskapen til Borchgrevink, men forsvarte det vitskaplege utbyttet av ekspedisjonen.[14] I 1901 returnerte Bernacchi til Antarktis som fysikar på Discovery-ekspedisjonen under leiing av Robert F. Scott.[22] Ein annan av mannskapet kom òg til å delta på Discovery-ekspedisjonen, som kaptein på avløysingsskipet «Morning». Det var engelskmannen William Colbeck,[23] ein erfaren sjømann som var løytnant i Royal Naval Reserve.[21] Som førebuing til Southern Cross-ekspedisjonen tok Colbeck eit kurs i magnetisme ved Kew Observatory i London.[21]

Sjefszoolog Nicolai Hanson hadde eit kort studieopphald ved Universitetet i Kristiania bak seg, medan assisterande zoolog Hugh Blackwell Evans var ein presteson frå Bristol som hadde vore tre år på ein kvegfarm i Canada, og som òg hadde delteke på ein selfangstekspedisjon til Kerguelen.[13] Ekspedisjonslegen , Herluf Kløvstad, kom frå ei stilling ved eit sinnssjukeasyl i Bergen.[21] Dei andre medlemmane i overvintringsgruppa var Anton Fougner, forskingsassistent og altmoglegmann; Kolbein Ellefsen, kokk og assistent; og dei to samane Per Savio og Ole Must, som var hundekøyrarar.[13] Savio og Must, høvesvis 21 og 20 år gamle, var dei yngste deltakarane i gruppa.[13] Borchgrevink skildra seinare Savio som «anerkjent for den lojale naturen sin, djervskap og intelligens».[21]

Fartøymannskapet under kaptein Bernhard Jensen bestod av 19 norske sjøfolk og ein svensk stuert. Jensen var ein erfaren ishavsskippar og hadde delteke saman med Borchgrevink på «Antarctic» i 1894–95.[21]

Utvalet av ekspedisjonsmedlemmar kan tyde på at Borchgrevink ikkje fullt ut forstod kor avgjerande dette kunne vere for resultatet av ein ekspedisjon av denne typen.[20] Han la meir vekt på å plukke ut menn som hadde godt humør og som han meinte ville vere i stand til å samle inn pålitelege data, framfor erfarne vitskapsfolk som kunne gjennomført meir inngåande feltstudiar og publisert omfattande vitskaplege arbeid.[20]

Ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Reisa sørover[endre | endre wikiteksten]

«Southern Cross» seglte frå London den 23. august 1898 etter å ha fått overlevert Union Jack av HKH Hertugen av York, den framtidige kong George V.[24] I tillegg til besetninga på ekspedisjonen, utstyr og proviant hadde skipet med sibirske sledehundar. Det var første gongen hundar skulle bli nytta på ein antarktisk ekspedisjon.[12] Etter ei siste proviantering i HobartTasmania seglte «Southern Cross» mot Antarktis den 19. desember.

Kapp Adare ligg på 170 grader aust. William Colbeck meinte – etter å ha studert tidlegare ekspedisjonar – at det truleg ville bli enklare å trenge gjennom pakkisen ved 180 grader. Borchgrevink var likevel av ein anna oppfatning. Han var redd for at vestavinden ville drive dei endå lenger austover i tilhøve til avgjerslestaden. Han avgjorde difor å krysse Sørishavet langs 150. lengdegrad.[25]

På årets siste dag nådde dei ytterkanten av pakkisen, mykje tidlegare enn Borchgrevink hadde rekna med. Dagen etter vart hundane lufta på isen, og fleire av mannskapet nytta høvet til å ta seg ein skitur. Den vidare framdrifta gjekk sakte, trass i at kaptein Jensen utnytta det som var av opne råk. Den 12. januar fekk dei Ballenyøyane i sikte, men det var ikkje mogleg å nærme seg på grunn av tjukk is i farvatnet rundt dei. Ti dagar seinare, 22. januar, sette ein kraftig storm inn, og isen byrja å pakke seg ytterlegare saman. Det var overhengande fare for at «Southern Cross» ville bli skrudd ned av isen, og sledar og proviant vart klargjort i tilfelle skuta måtte forlatast. Etter nokre nervepirrande timar slapp likevel isen taket. Det vart gjort målingar som viste at skipet, som framleis var innefrose, rørde seg sakte mot nordaust – i stikk motsett retning av Kapp Adare. Først den 11. februar sprakk isen opp tilstrekkeleg til at dei kunne starte motoren og setje kursen austover. Ved 180. lengdegrad vart kursen sett sørover, og ikkje lengje etter var «Southern Cross» gjennom isbeltet og på veg inn i Rosshavet ved 71. breiddegrad. Kapp Adare kom til syne 16. februar, og dagen etter ankra «Southern Cross» opp nær land.[26]

Ekspedisjonen hadde brukt lenger tid enn både Ross og Kristensen på å krysse isbeltet,[27] og det er brei semje blant polarforskarar om at Borchgrevinks val av kurs spelte ei avgjerande rolle for utfallet av ekspedisjonen: tida dei tapte kunne ha vore nytta til å finne ein overvintringsstad som var betre eigna som utgangspunkt for sledeturar innover kontinentet.[28]

«Camp Ridley» ved Kapp Adare[endre | endre wikiteksten]

Kart over Adarehalvøya mellom Rosshavet og Robertsonbukta. Kapp Adare ligg lengst nord på halvøya.

Kapp Adare vart oppdaga av James Clark Ross under hans antarktisekspedisjon frå 1839 til 1843. Ved neset ligg eit langt strandbelte, der Bull og Borchgrevink steig i land i 1895. Dette strandbeltet er heimstad for ein av dei største koloniane med adeliepingvinar i Antarktis. Borchgrevink hadde i 1895 uttalt at «på denne spesielle staden er det rikeleg med plass for hus, telt og forsyningar».[5] Overfloda av pingvinar ville gje tilgjenge både på vinterrasjoner og fyringsolje.[6]

Lossinga starta same dag, den 17. februar. Først vart dei 75 hundane sende i land[13] saman med sine samiske oppassarar, og dei to vart dermed dei første til å overnatte på det antarktiske kontinentet.[29] I løpet av dei neste tolv dagane vart resten av utstyret og forsyningane frakta i land, og to prefabrikkerte hytter i furu frå Strømmen Trævarefabrik i Noreg vart oppført.[30] Den eine skulle fungere som mannskapsbrakke, den andre som lager.[31] Dette var dei første bygningane som vart reist på kontinentet. Ei tredje hytte vart sett opp av reservematerial og skulle tene som magnetisk observatorium.[6]

«Bustadkvarteret» hadde stusseleg med plass for ti menn og verka heller ikkje særleg solid – Bernacchi skildra det seinare som «4,5 gangar 4,5 meter, surra fast med tau til den steinete grunnen».[32] Hundane vart halde i ein kennel stabla opp av lagerkasser.[31] Den 2. mars var leiren ferdig etablert. Han vart døypt «Camp Ridley» etter jentenamnet til mor til Borchgrevink,[4] og flagget til hertugen av York vart heist. Same dag drog «Southern Cross» til Australia for å opphalde seg der om vinteren.[29]

Inne i hytta var to små rom innreidd som mørkerom og prepareringsrom. I opphaldsrommet slapp sollys inn gjennom eit dobbelt glasvindauge med skodder og gjennom ei lita, firkanta rute høgt på den nordre gavlveggen. Sovekabinar vart installert langs ytterveggane, og eit bord og ei omn tok opp plassen i midten av hytta.[31]

Den første rekognoseringa[endre | endre wikiteksten]

Det var berre få veker igjen før vinteren vilje setje inn for alvor, og det var difor viktig å gjere prøveturar med sledane for å teste utstyret og bli kjent med dei næraste områda. Den 22. april la Borchgrevink, Fougner, Bernacchi og Savio ut på den første sledeturen på havisen i Robertsonbukta med 20 hundar og proviant for 20 dagar. Den første natta bles det opp til storm, og morgonen etter var isen i bukta brote opp. Frå teltplassen sin på ei lita strand omgjeve av høge klipper vart Savio og Fougner sende ut i ein seglduksbåt for å hente hjelp, medan Borchgrevink og Bernacchi snart vart fortvilte vitne til at bukta vart fylt av issørpe og isflak, som var til stor fare for dei to i båten. Ved å hugge trinn i isen som dekte klippane, var dei etter mykje strev i stand til å kome seg til toppen av klippene. Dei fekk etter kvart auge på sine to kameratar som hadde berga seg inn på ei lita strand, og som no òg arbeidde seg oppover fjellsida. Etter fleire dagar med livsfarleg slit kom dei seg omsider heilskinna tilbake til leiren.[33] Alle dei tjue hundane vart skylt på havet under stormen, men éin av dei dukka opp i fin form på Kapp Adare fleire veker seinare.[34]

I tillegg til denne mislukka sledeturen vart det fanga prøveeksemplar av fuglar og fisk og slakta selar og pingvinar for føde og olje. Utandørsaktivitetane vart kraftig avkorta, då den antarktiske vinteren for alvor sette inn i midten av mai.[4]

Den antarktiske vinteren[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Kolbein Ellefsen, på veggen over køya hans i hytta på Kapp Adare.
Foto: Mila Zinkova

Då vinteren byrja å feste grepet, vart mennene i aukande grad innesperra i den ukomfortable forlegningen. Dette var ein stor prøve; Bernacchi skreiv om aukande keisemd og irritasjon: «Offiserar og menn, ti av oss til saman, røynde at humøret vart tynnslitt.»[32] I denne perioden vart det klårt at Borchgrevink mangla dei leiareigenskapane ein slik situasjon kravde. Han var, som Bernacchi skreiv, «i mange høve (...) ikkje ein god leiar».[14] Polarhistorikaren Ranulph Fiennes skriv at det rådde eit «demokratisk anarki», der møkk, uorden og passivitet høyrde til dagens orden.[35]

Borchgrevink var ingen erfaren vitskapsmann, og den manglande kompetansen hans med instrument og observasjontaking var til stor uro for fleire i gruppa.[36] Likevel makta dei å oppretthalde eit program med vitskaplege observasjonar. Fysisk trening vart gjennomført utanfor hytta når vêret tillét det, og Savio laga ein improvisert sauna i snøskavlen langs hytta. Det vart òg arrangert ein konsert med lysbilete, songar og høgtlesing.[37] I denne perioden var det to hendingar som nær hadde fått ein dødeleg utgang; i den første vart eit stearinlys forlate brennande ved sida av ei køye, og det tok fyr i hytta, som fekk store skadar. Ved eit anna tilfelle vart tre menn nesten kvelt av kolos, medan dei sov.[4]

William Colbeck føre det magnetiske observatoriet

Gruppa var godt utstyrt med ei rekkje basismatvarer – smør, te og kaffi, sild, sardinar, ost, suppe, hermetisk innmat, plumpudding, tørka poteter og grønsaker.[37] Det vart likevel klaga på at det ikkje var teke med nokre luksusvarer. Colbeck noterte at «all hermetisert frukt berekna på overvintringa var anten ete opp på reisa eller etterlate ombord».[37] Det var òg mangel på tobakk. Trass i at den opphavlege tobakksbehaldninga var på eit halvt tonn, hadde berre skråtobakk vorte teke med i land.[37]

Zoologen, Nicolai Hanson, vart sjuk i løpet av vinteren. Den 14. oktober døydde han, tilsynelatande av ein tarmsjukdom, og han var dermed det første mennesket som vart gravlagd på det antarktiske kontinentet. Grava vart sprengt ut i isen ovanfor leiren.[38] Bernacchi skreiv: «Der midt iblant djup stille og fred finst det inkje som kan forstyrre den evige søvnen bortsedd frå sjøfuglar i flukt».[13]

Yorkøya[endre | endre wikiteksten]

Då det gjekk mot vår, gjorde gruppa seg klår for meir ambisiøse ferder innover land med bruk av hundar og sledar. Inst i Robertsonbukta oppdaga dei ei øy som dei kalla Duke of York Island etter vernaren til ekspedisjonen.[39] Yorkøya sin geologi vart grundig undersøkt, og dei etablerte ein framskoten base som utgangspunkt for forsøk på å nå Mount Sabine i Admiralitetsfjella i sør. Basen bestod av utstyr og eit stort proviantdepot som var frakta over isen frå Kapp Adare. I tillegg bygde dei ei lita hytte av skiferstein som husly.[40]

Frå toppen av Yorkøya kunne Borchgrevink observere to isbrear i sør. Desse gav han namna Dugdalebreen og Murraybreen. Breane var skilt av ein fjellrygg, som fekk namnet Geikielandet. Denne fjellryggen var målet for den første sledeferda frå Yorkøya. I fleire dagar undersøkte dei området opp til ei høgd av 1800 meter, og sjølv i den høgda oppdaga dei ulike lavartar. Dei fann òg fjører og eggeskall, som tydde på at dei hadde funne hekkeplassar for ispetrellen.[41] Vidare framdrift sørover med hundesledar var likevel ikkje mogleg, så omfanget av den vidare utforskinga avgrensa seg til kystlinja av Robertsonbukta.[13]

Utforsking av Rosshavet[endre | endre wikiteksten]

«Southern Cross» var tilbake ved Kapp Adare frå Australia den 28. januar 1900.[36] Borchgrevink starta på oppgåva å rigge ned basen og overføre materiell til skipet, men etter nokre dagar avbraut han dette arbeidet, og 2. februar kasta dei loss for Rosshavet.[36] Vitnesbyrd om ei hurtig og uryddig reise frå Kapp Adare var tydelege då området vart vitja av medlemmar av Discovery-ekspedisjonen to år seinare. Edward Wilson skreiv: «...haugar av avfall over alt, og eit berg av proviantkasser, døde fuglar, selar og hundar, sledeutstyr (...) og det himmelen må vita.»[42]

Kanten av Rossbarrieren, der Borchgrevink gjekk i land i 1900.

Første stoppestaden var Foyn Island i øygruppa Possession Islands, der ein metallboks etterlate av Bull og Borchgrevink i 1895 vart funnen att.[4] Dei fortsette vidare sørover langs kysten av Victoria Land og oppdaga fleire øyar. Éin av desse kalla Borchgrevink opp etter sir Clements Markham, utan at ærevisinga førte til at han endra den fiendtlege innstillinga si til ekspedisjonen.[39][43] «Southern Cross» seglte vidare til Ross Island og freista å gå i land ved Cape Crozier, ved foten av Mount Terror. Der var Borchgrevink og kaptein Jensen nær ved å drukne i ei flodbølgje skapt av kalving frå isbarrieren.[4] Dei følgde same rute austover langs barrieren som Ross hadde seglt seksti år tidlegare, og fann vika der han nådde den sørlege rekorden sin.[44] Observasjonar viste at barrierekanten hadde trekt seg om lag 50 kilometer sørover sidan den gongen, noko som innebar at dei allereie hadde passert rekorden til Ross.[4] Borchgrevink ville freiste å kome seg i land på barrieren og fann ein plass der iskanten var låg nok til at det var mogeleg å gå i land.[45] Den 16. februar gjekk han, Colbeck og Savio i land med hundar og sledar og tok seg opp til barriereoverflata. Dei gjennomførte ein marsj nokre kilometer sørover til eit punkt dei kalkulerte til å liggje på 78°50'S, ein ny sørleg rekord.[6] Dei var dei første menneska som hadde gått på isbarrieren, og for dette hausta dei Amundsens heider: «Vi må innsjå at ved å stige opp på barrieren, opna Borchgrevink vegen mot sør og fjerna det største hindret for dei påfølgjande ekspedisjonane».[45] Ti år seinare etablerte Amundsen under sin vellukka sørpolsekspedisjon leiren Framheim like i nærleiken.[46]

På den vidare reisa nordover stoppa «Southern Cross» på Franklin Island utanfor kysten av Victoria Land og gjennomførte ei rekkje magnetiske målingar. Desse indikerte at posisjonen til den magnetiske sørpolen som forventa låg i Victoria Land, men lenger nordvest enn tidlegare trudd.[4] Ekspedisjonen sette deretter kursen heimover. Dei kryssa den sørlege polarsirkelen 28. februar, og 1. april sende dei telegram frå Bluff på New Zealand med melding om at dei var vendt tilbake i god hald.[13]

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Ved foten av Mount Melbourne i Victoria Land fann Borchgrevink «ein glimrande leirplass».

Ekspedisjonen fekk ei kjølig mottaking då «Southern Cross» nådde England i juni 1900.[47] I geografiske krinsar bar ein enno nag til Borchgrevink for at han klarte å skaffe støtte frå Newnes, men uansett var ålmenta si interesse først og fremst retta mot førebuingane til Scott av Discovery-ekspedisjonen, som skulle reise ut året etter.[4] Borchgrevink meinte at ekspedisjonen hans hadde vore særs vellykka, og uttalte at: «Den antarktiske region kan kome til å bli eit nytt Klondike» – gjennom høvet for fiske, selfangst og mineralutvinning.[48] Han viste at det var mogleg å overvintre i Antarktis og gjorde ei rekkje geografiske oppdagingar. Disse inkluderte øyar i Robertsonbukta og i Rosshavet, og dessutan ilandstigingar på Franklin Island, Coulman Island, Ross Island og Rossbarrieren.[39] Kartlegginga av kyststrekninga langs Victoria Land resulterte i «den viktige oppdaginga (...) av Southern Cross Fjord, så vel som den glimrande leirplassen ved foten av Mount Melbourne».[39] Han meinte at det viktigaste dei hadde oppnådd, var kome seg oppå isbarrieren og reise til «det sørlegaste punktet noko menneske hadde vore».[39]

I 1901 vart Borchgrevinks bok om ekspedisjonen, First on the Antarctic Continent, publisert. Den engelske utgåva kan i stor grad ha vorte formulert av journalistane til Newnes, og han vart kritisert for den journalistiske stilen sin og ein skrytande tone.[43][49] Forfattaren, «kjent for verken beskjedenheit eller taktfullheit»,[17] la ut på ein foredragstur i England og Skottland, men mottakinga var generelt laber.[4] Dei andre ekspedisjonsmedlemmane hadde av Newnes vorte pålagt ei karantenetid på seks månader frå Borchgrevink si utgjeving før dei kunne publisere sine eigne bøker. Bernacchi overheldt fristen då han på tampen av 1901 gav ut To The South Polar Regions, der han i lita grad rørde konfliktane som oppstod mellom ekspedisjonsdeltakarane.[50] Dagboksnotatane hans, som vart utgjeve i 1998 av barnebarnet Janet Crawford i boka That First Antarctic Winter, viser likevel til fulle konfliktane som oppstod mellom Borchgrevink og mennene hans.[50][51] I 1905 utkom Borchgrevinks norske utgåve av ekspedisjonsskildringa, Nærmest Sydpolen Aaret 1900, ein utvida versjon av den engelske boka.[52]

Hugh Robert Mill uttalte at medan dei vitskaplege resultata frå ekspedisjonen var færre enn forventa, mykje på grunn av at notata til Hanson hadde forsvunne på mystisk vis, var ekspedisjonen «interessant som eit flott stykke vitskapleg arbeid».[48][n 3] Dei meteorologiske og magnetiske tilhøva i Victoria Land var vorte registrert gjennom eit heilt år, posisjonen til den magnetiske sørpolen var berekna, og prøver av floraen på kontinentet, fauna og geologi var samla inn. Borchgrevink påstod òg å ha oppdaga nye insektarter og dyrearter som lever på grunt vann, og han meinte å kunne bevise at einskilde var «bipolare», dvs. artar som lever nær både i nord- og sørpolområda.[53]

Det tok lang tid før geografimiljøa i Storbritannia og elles i verda gav ekspedisjonen formell heider. Borchgrevink fekk medlemskapar i Royal Geographical Society, seinare følgde andre ærevisingar og medaljar frå Noreg, Danmark og USA,[49] men merittane til ekspedisjonen fekk ingen utbreidd heider. Markham heldt fram med angripa sine på Borchgrevink og skildra han som utspekulert og prinsipplaus.[54] Amundsen si varme hyllest var ei einsleg anerkjennande røyst. Scotts biograf David Crane rekna med at dersom Borchgrevink hadde vore ein britisk marineoffiser, ville ekspedisjonen hans ha vorte motteke annleis i Storbritannia, men «ein norsk sjømann/skulemeister ville aldri bli teke seriøst».[14] Ein forseinka heider kom i 1930, lengje etter Markham var død, då Royal Geographical Society tildelte Borchgrevink selskapet sin æresmedalje «Patron's Medal». RGS innrømde at Southern Cross-ekspedisjonen i tida si ikkje fekk den heideren pionerarbeidet fortente, og at storleiken på problema ekspedisjonen overvann var vorte undervurdert.[4]

Fotnotar og referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Dette materialiserte seg etter kvart i Discovery-ekspedisjonen, leia av Robert F. Scott
  2. Eit anna medlem av landgruppa, Louis Bernacchi, var australiar; resten var alle skandinavar.
  3. British Museum gav i 1902 ut ein 300-siders rapport med det materialet som ble berga av arbeidet til Hanson
Referansar
  1. Vogt, s. 32
  2. Vogt, s. 20
  3. Headland, s. 129–132
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 «Antarctic Explorers – Carsten Borchgrevink». www.south-pole.com. Henta 30. oktober 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition – Introduction». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 6. april 2017. Henta 30. oktober 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Preston, s. 14–16
  7. Næss, s. 124
  8. 8,0 8,1 Jones, s. 59–60
  9. «Measuringworth». The Institute for the Measurement of Worth. Henta 30. oktober 2012. 
  10. Fiennes, s. 36–37
  11. Borchgrevink, s. 25
  12. 12,0 12,1 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition – Equipment and Personnel for the Expedition». University of Canterbury. Henta 30. oktober 2012. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 13,8 «Norges glemte oppdager». Antarctic Heritage Trust. Henta 30. oktober 2012. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Crane, s. 74–75
  15. 15,0 15,1 15,2 Borchgrevink, s. 10–11
  16. Jones, s. 63
  17. 17,0 17,1 Preston, s. 16
  18. «Ships of the Polar Explorers». Cool Antarctica. Henta 30. oktober 2012.  Skjebnen til «Nimrod» og «Aurora»
  19. Paine, s. 131
  20. 20,0 20,1 20,2 Vogt, s. 38–39
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 21,5 21,6 Borchgrevink, s. 13–19
  22. Crane, s. 108
  23. Crane, s. 232–33
  24. Borchgrevink, s. 22
  25. Vogt, s. 70–71
  26. Vogt, s. 74–78
  27. Vogt, s. 78
  28. Vogt, s. 268
  29. 29,0 29,1 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition – Arrival at Cape Adare». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 14. februar 2012. Henta 30. oktober 2012. 
  30. Den glemte ekspedisjonen
  31. 31,0 31,1 31,2 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition – The First Buildings on the Continent». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 30. oktober 2012. 
  32. 32,0 32,1 Crane, s. 153
  33. Vogt, s. 91–96
  34. Vogt, s. 105
  35. Fiennes, s. 43
  36. 36,0 36,1 36,2 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition - Departure of the Expedition». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 14. februar 2012. Henta 30. oktober 2012. 
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition - Life at Camp Ridley». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 30. oktober 2012. 
  38. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition - First burial on the continent». University of Canterbury. Arkivert frå originalen 14. februar 2012. Henta 30. oktober 2012. 
  39. 39,0 39,1 39,2 39,3 39,4 Borchgrevink, s. 6–7
  40. Vogt, s. 130–135
  41. Vogt, s. 136–138
  42. Wilson, s. 93–95 (9. januar 1902)
  43. 43,0 43,1 Huxley, s. 25
  44. Preston, s. 13
  45. 45,0 45,1 Amundsen, s. 25–26
  46. Amundsen, s. 167–68
  47. Stonehouse, s. 40
  48. 48,0 48,1 Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition - Results». Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 30. oktober 2012. 
  49. 49,0 49,1 «Borchgrevink, Carsten Egeberg (1864–1934)». Australian Dictionary of Biography Online Edition. Henta 30. oktober 2012. 
  50. 50,0 50,1 Vogt, s. 211
  51. Vogt, s. 10
  52. Vogt, s. 242
  53. Borchgrevink, s. 1
  54. Riffenburgh, s. 56

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder til artikkelen[endre | endre wikiteksten]

Øvrig litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Baughman, T.H. (1994) Before the heroes came: Antarctica in the 1890s, University of Nebraska Press. ISBN 0-8032-1228-3
  • Bernacchi, L.C. (1901) To the South Polar regions, Hurst & Blackett, London.
  • Borchgrevink, C.E. (1905) Nærmest Sydpolen, Kristiania.
  • Crawford, Janet (1998) That First Antarctic Winter: The Story of the Southern Cross Expedition of 1898-1900 as Told in the Diaries of Louis Charles Bernacchi, John Wiley & Sons
  • Gramsborg, Per (1992) «The first man to have set foot on the Antarctic continent». I: The Norseman, nr. 2-92
  • Isachsen, Bjørn O. (2004) «Carsten Borchgrevink og de glemte polferdene mot Antarktis» I: Historie, nr. 1-04

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]