Southern Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Southern Man
Song av Neil Young
frå albumet After the Gold Rush
Utgjeve 19. september 1970
Innspelt Aug. 1969-juni1970
Sjanger Rock
Lengd 5:41
Selskap Reprise
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent David Briggs

«Southern Man» er ein song av Neil Young frå albumet hans After the Gold Rush. Albumet kom ut i 1970.

Teksten til «Southern Man» er livleg, og skildrar rasisme mot svarte i Sørstatane. I songen fortel Young historia om ein sørstatsmann (symbolsk for heile Sørstatane) og korleis han mishandlar slavane sine. Young spør innstendig om når Sørstatane skal betale tilbake det dei bygde opp ved hjelp av slaveriet når han syng: «I saw cotton and I saw black, tall white mansions and little shacks. Southern Man when will you pay them back?»

Lily Belle, your hair is golden brown
I've seen your black man comin' round
Swear by God I'm gonna cut him down!
I heard screamin'
and bullwhips cracking
How long? How long?
Neil Young (1970)

Southernrock-bandet Lynyrd Skynyrd skreiv songen «Sweet Home Alabama» som eit svar til «Southern Man» og «Alabama» frå Young sitt Harvest frå 1972. Young har sagt at han er tilhengjar av både «Sweet Home Alabama» og Ronnie Van Zant, frontmannen i Lynyrd Skynyrd. «Dei spelar han som om dei meiner det», sa Young i 1976. «Eg er stolt over å ha namnet i ein song som denne».[1] Young skal ha spelt «Sweet Home Alabama» på konsertar. For å vise til venskapen deira, har Van Zant ofte hatt på seg ei Tonight's the Night-t-skjorte medan han framfører «Sweet Home Alabama».[2] Crazy Horse-bassist Billy Talbot er òg sett med ein Jack Daniels-aktig Lynyrd Skynyrd-t-skjorte på Neil Young-konsertar, mellom anna på Live Rust-konserten.

Songen vart òg framført i ein over 10 minuttar lang versjon på konsertalbum Four Way Street av Crosby, Stills, Nash & Young i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ballinger, Lee. (2002 ©1999). Lynyrd Skynyrd: An Oral History. Los Angeles, California: XT377 Publishing. s. 81. ISBN 0972044639
  2. Ronnie Van Zant photo, arkivert frå originalen 13. mars 2007, henta 26. oktober 2010