Southland Plains

Koordinatar: 46°20′05″S 168°12′37″E / 46.33472°S 168.21028°E / -46.33472; 168.21028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Southland Plains

Southland Plains er eit namn gjeve til fleire lågtliggjande landområde på SørøyaNew Zealand, avgrensa av høgdedraget Hokonui Hills i nord. Dei dannar eit større område i regionen Southland, og omfattar dei to største busetnadane i regionen, Invercargill og Gore. Southland Plains har noko av det mest grøderike jordsmonnet på New Zealand.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Slettene strekkjer seg frå Waiauelva i vest til Matauraelva, som dannar grensa mot Otago, i aust. Dei kan delast inn i tre breie område: Southland plain proper, Waimea Plains og den nedre Waiau Plain mot vest nær Waiauelva.[1]

Southland og Waimea Plains er skilde av høgdedraga Hokonui Hills, som ligg vest for Gore. Soutland Plain ligg nord for byen Invercargill, og inneheld fleire større elver: Aparima, Oreti og Makarewa. Dei strekkjer seg meir enn 45 km inn i landet frå kysten mot Foveaux-sundet, og dekkjer eit område nær 1500 km².

Nordaust for Invercargill , strekkjer Waimea Plains seg kring Mataura og sideelva Waimea innover i landet til byen Gore. I den sørlege delen vert dei til Awarua Plain, eit større område med marskland som breier seg ut frå nær Bluff til foten av The Catlins lengst mot aust. Mellom dei dekkjer låglandet kring Awarua Plain og Matauraelva eit vidare område på enno 2000 km².

Mot vest ligg nedre Waiau plain som ligg kring munningen til Waiauelva . Denne mindre delen er kilt inn mellom Longwood Range mot aust og Fiordland i vest.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grant, David (24. november 2009). «Southland region: Geology and landforms». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 20. august 2011. 

46°20′05″S 168°12′37″E / 46.33472°S 168.21028°E / -46.33472; 168.21028