Sovjetisk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeidar og kolkhozkvinne av Vera Mukhina.

Sovjetisk kultur gjekk gjennom ulike stadium i løpet av dei 69 åra Sovjetunionen eksisterte. Han hadde bidrag frå folk av ulike nasjonalitetar frå kvar av dei femten sovjetrepublikkane, med ein liten majoritet russarar. Dei sovjetiske styresmaktene støtta kulturelle institusjonar, men dreiv også med streng sensur.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Under Lenin[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste kommunistiske haldninga til kunst og kunstnarar i åra 1918-1929 var prega av relativ fridom, med ein stor grad av eksperimentering i mange ulike stilar som eit forsøk på å finna ein særskilde sovjetisk kunststil. Under ein såkalla ny økonomisk politikk (NEP) hadde relativt fridom til å eksperimentera både i det sosiale og det kulturelle livet i Sovjetunionen. Styresmaktene tolererte mange ulike trendar innan desse områda, så lenge dei ikkje var direkte fiendtleg stilt mot regimet. Innan kunst og litteratur blomstra ei rekkje ulike skular, både tradisjonelle og radikale. Kommunistiske forfattarar som Maksim Gorkij og Vladimir Majakovskij var aktive på denne tida, men mange forfattarar gav også ut litteratur utan politisk sosialistisk innhald - og mange av dei fekk seinare verka sine sensurerte. Film var sett på som eit medium til å påverka eit folk som i stor grad ikkje var lesekunnig, og fekk statleg støtte. Mykje av det beste arbeidet til filmskaparen Sergej Eisenstein stammar frå denne tida.

Utdanning, under kommissær Anatolij Lunatsjarskij, gjekk inn i ein eksperimentell fase basert på progressive teoriar om læring. Samstundes utvida staten grunnskulen og vidare utdanning, og introduserte kveldsskular for arbeidande vaksne.

Under Stalin[endre | endre wikiteksten]

Under Josef Stalin sitt styre var kulturlivet prega av veksten og dominansen til den statleg sanskjonerte stilen sosialistisk realisme. Alle andre trendar blei strengt undertrykte, med sjeldne unntak. Mange forfattarar blei fengsla og drepne, eller døydde av svolt, som Daniil Kharms, Osip Mandelstam, Isaak Babel og Boris Pilnjak. Andrej Platonov arbeidde som gravferdsarbeidar og fekk ikkje lov til å gje ut noko. Verka til Anna Akhmatova blei også fordømde av regimet, sjølv om ho nekta å rømma til Vesten.

Medan partiet prøvde å gjera det sovjetiske styret meir akseptabelt for ukrainarar blei ein stor grad av nasjonal kulturell utviklinga tolerert.[1] Etter denne korte perioden då ukrainsk litteratur fekk ein renessanse enda over 250 ukrainske forfattarar opp døde under den store utreinskinga. Tekstar av fengsla forfattarar blei konfiskerte av NKVD; nokre av dei blei gjevne ut seinare. Bøker blei tekne ut frå bibliotek og øydelagde.

I tillegg til litteratur blei musikalske uttrykk også undertrykte under Stalin, og til tider var musikken til mange sovjetiske komponistar heilt forboden. Dmitrij Sjostakovitsj hadde eit særleg komplisert tilhøve til Stalin sitt styre, der det meste av musikken hans blei fordømd og forboden to gonger, i 1936 oh 1948. Sergej Prokofjev og Aram Khatsjaturian hadde liknande opplevingar. Sjølv om Igor Stravinskij ikkje budde i Sovjetunionen, blei musikken hans offisielt rekna som formalistisk og anti-sovjetisk.

Sein sovjetisk tid[endre | endre wikiteksten]

Vitalij Peskov. Karikatur av sovjetisk liv på 1970-talet

Under Brezjnev på 1960-, 1970- og 1980-talet hadde sovjetisk kultur ein særskild periode med eit konformt offentleg liv og eit intenst fokus på personlege livet. Populærkulturen synte ein stor fascinasjon for amerikansk populærkultur, til dømes gjennom ei dille for dongeribukser.

Frå tida under Khrusjtsjov fann det stad ei viss liberalisering for alle delar av livet. Innan kunsten kunne ein utvikla ikkje-formell, undergrunns- og dissentarkunst som framleis var forboden, men ikkje lenger førte til trugsmål om å sendast til arbeidsleirane i Gulag. Aleksandr Solzjenitsyn, som skreiv den kritiske En dag i Ivan Denisovitsj' liv, vann Nobelprisen i litteratur, men måtte seinare dra i eksil.

På 1970-talet blei det mogleg å eksperimentera meir med kunstformene enn det som var tillate innan dei strenge rammene for sosialistisk realisme, og det blei laga fleire sofistikerte og subtilt kritiske verk. Dermed kunne til dømes Jurij Trifonov skriva verk som tok for seg problem i dagleglivet heller enn berre å byggja opp sosialisme. Innan musikk fortsette staten å mislika vestlege fenomen som jazz og rock, men byrja likevel å tillata vestlege musikkensemble å opptre i landet. Den innfødde visesongaren [[Vladimir Vysotskij] var svært populær, men blei ikkje offisielt anerkjend på grunn av dei ikonoclastiske tekstane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ukrainization». www.encyclopediaofukraine.com. Henta 30. juni 2019.