Soyabønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soyabønne
Soyabønne
Soyabønne
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Papilionoideae
Slekt: Glycine
Art: Soyabønne G. max
Vitskapleg namn
Glycine max

Soyabønne (Glycine max) er ein 30—60 cm høg plante av erteblomfamilien med små og tettsittande belger med 2—5 frø i kvar. Soyabønna er ein gammal kulturplante frå Aust-Asia som no blir dyrka i tropiske og subtropiske område over heile verda. Frøa er næringsrike og inneheld om lag 40 % protein og 18 % feitt.

Soyabønneplantar i Paraguay.

Soyabønner blir brukt som dyrefôr og som næringsmiddel, i form av mjøl, planteolje, mosa og fermentert. Tradisjonelle matrettar laga med soya er mellom anna soyasaus, soyamjølk, tofu og edamame. Nyare produkt er teksturert soyaprotein, som kan brukast som kjøterstatting, og ulike former for mjøl, som kan brukast til baking eller som mjølkeerstatting.

Ein bruker også soyaprodukt til ei rekkje andre føremål, som smøreolje, rustfjerningsmiddel, målingsprodukt og i bilindustrien.

Det blir dyrka rundt 240 millionar tonn soyabønner i verda i dag (2012). Dei største soyaprodusentane i verda er USA og Brasil; deretter følgjer Argentina, Kina og India.[1] Over 50 prosent av produksjonen bruker genmodifiserte plantar (GMO).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Faostat - Top 20, Food and Agriculture Organization (FAO).
  • «Soyabønne» (20. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. september 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Soyabønne
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.