Spalteopning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei spalteopning på eit tomatlauv på eit farga elektronmikroskopbilete

Spalteopningar (latin stoma (eintal) og stomata (fleirtal)) er småe opningar som finst i store mengder i overhuda og i mindre mengder andre stader på planter. Dei spelar ei viktig rolle i fotosyntesen ved at dei lèt karbondioksid inn og oksygen ut. Vassdamp vert sleppt ut gjennom spalteopningane ved transpirasjon.

Dei fleste plantene har flest spalteopningar på undersida av blada. Gras har om lag like mange på båe sidene, medan til dømes flyteblad av nykkerose berre har spalteopningar på oversida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]