Spangereidkanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Innseglinga til kanalen frå sør.
Foto: Philip Gabrielsen
Innseglinga til kanalen frå nord, Lenefjorden.
Foto: Philip Gabrielsen

Spangereidkanalen er ein kanal som går tvers gjennom Spangereid frå Båly til Lenefjordenhalvøya Lindesnes. Bygginga av kanalen vart vedteke i 2005, etter over 20 år med planlegging frå kommunen, og han er bygd med pengar frå det private næringslivet i regionen, frå kommunen og frå staten. Kanalen vart offisielt opna av dronning Sonja den 5. juli 2007.

Føremålet med kanalen var å gje båttrafikken høve til å passere Lindesnes utan å måtte gå utanom på havet. Eigenleg gjekk bygginga av Spangereidkanalen ut på å gjenåpna ein tidlegare kanal, for i 2001 påviste fylkesarkeologen i Vest-Agder restar av ein kanal som var 2 meter djup, og med sidene haldne på plass av treverk. Denne kanalen er datert til 700-talet, og er eineståande i sitt slag i Noreg. Truleg har vikingskip kunna passere gjennom kanalen. Sjølv om den vanlegaste måten å få skip med seg over land frå vatn til vatn i dei tidene var å dra dei over på ein spesiell veg som det var lagt stokkar på, har fleire smale eid gjort det høveleg å grave ein kanal her i gamal tid. Ein liknande gamal kanal finst på Samsø i Danmark.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]