Spansk kjørvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spansk kjørvel
Spansk kjørvel
Spansk kjørvel
Status
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Stamme: Scandiceae
Understamme: Scandicinae
Slekt: Myrrhis
Art: Spansk kjørvel M. odorata
Vitskapleg namn
Myrrhis odorata

Spansk kjørvel (Myrrhis odorata) er ein 50-120 cm høg krydderurt. Blad og frø frå planten blir brukt som krydder i matlaging og brennevin. Smaken minnar om lakris eller anis, eller kjørvel.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Slektsnamnet Myrrhis er avleidd frå gresk myrrhis [μυρρίς] eller myrra, ei aromatisk olje. Artsnamnet odorata tyder 'duftande'.[1][2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Spansk kjørvel er ein fleirårig, urteaktig plante med ein opprett, kvisla og buskete vekst. Stenglane er hole, fura og runde eller svakt samantrykte i tverrsnitt. Dei kan vera hårete eller heilt hårlause. Blada er langstilka og fleire gonger fjørdelte. Bladavsnitta er eggeforma og grovtanna, ofte med ein kvit flekk ved bladstilken. Oversida er grasgrøn, medan undersida kan vera noko lysare på grunn av hårlag.

Bløming føregår i mai-juni. Blomane veks samla i endestilte skjermar som dannar storskjermar. Kvar blome er regelmessig og 5-talig med kvite kronblad. Fruktene er opprette, todelte spaltefrukter som fremtrer som nøtter.

Rotsystemet består av ei kraftig og djuptgåande pålerot med forholdsvis få siderøter.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Planten høyrer opphavleg heime i Pyreneane og på Balkan. I dag er han spreidd og naturalisert i det meste av Europa. Han gror i bryna til lauvskogar, langs vegar og nær busetnader og er særleg knytt til lysopne eller lett skugga veksestader med middels fuktig og næringsrik jord i eit mildt, havprega klima.

Spansk kjørvel finst forvilla på ulike stader i Sør- og Midt-Noreg og i Tromsø, og ein finn særleg fleire store bestandar på Nordvestlandet.[3] Han blir rekna som ein framandart med svært høg risiko av Artsdatabanken.[4]

Innhaldsstoff[endre | endre wikiteksten]

Alle overjordiske delar av planten er sterkt aromatiske. Lukta kjem av eit stort tal eteriske oljer (trans-anethol, germacren, caryophyllen, limonen, myrcen og estragol) og flavonoid.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Blad og frø blir brukt som krydder i matlaging og til brennevin. Blada og friske frø kan brukast i salatar, medan tørka frø kan brukast som krydder i kålrettar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. M. Grieve A Modern Herbal
  2. Germot Katzers Spice Pages
  3. Mæhlum, Lars (11. april 2018). «spansk kjørvel». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «Spansk kjørvel», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 2. september 2020