Spansk klokkeblåstjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spansk klokkeblåstjerne
Spansk klokkeblåstjerne
Spansk klokkeblåstjerne
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Slekt: Klokkeblåstjerneslekta Hyacinthoides
Art: Spansk klokkeblåstjerne H. hispanica
Vitskapleg namn
Hyacinthoides hispanica

Spansk klokkeblåstjerne (Hyacinthoides hispanica) er ei plante i klokkeblåstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Sørvest-Europa og Nordvest-Afrika.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1929. Arten er i auke og veks spreidde stader langs kysten og i dalstrøk frå Østfold til Rogaland, kanskje òg vidare nordover til Møre. Ein del funn kan vere forveksla med hybridklokkeblåstjerne.[2] I Framandartslista 2018 er arten registrert med låg risiko (LO).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Spansk klokkeblåstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 221. 
  3. «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]