Spansk parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Etter 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lb5

I sjakk er spansk parti eller spansk opning ei sjakkopning som definert av trekka 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lb5. Opninga blir kalla spansk fordi dette var heimlandet til Ruy López de Segura, ein prest og sjakkteoretiker som i 1561 skreiv ei bok om sjakk, der mellom anna denne opninga blei omtala. Men han var ikkje først ute, opninga var omtala allereie i eit manuskript i 1490. I engelsktalande og spansktalande land blir opninga kalla rett og slett «Ruy Lopez». Spansk er den mest spelte av alle opningar som startar med 1.e4 e5.

Ein av ideane bak 3.Lb5 er at springaren som garderer bonden på e5 no er trua. Sjølv om kvit ikkje direkte truar 4.Lxc6 følgt av 5.Sxe5, fordi 5...Dd4 vinn tilbake bonden, så er dette noko svart er nøydd til å ta omsyn til. Elles er trekket 3.Lb5 generelt nyttig, det utviklar løparen og trekket førebur rokade.

Hovudvariantar[endre | endre wikiteksten]

Svart sine vanlegaste forsvar er 3...a6 som tvingar kvit til å anten å trekke løparen til a4, som er det vanlegaste, eller bytte av på c6, avbytevarianten. Blant svart sine alternativ i tredje trekk er dei solide trekka 3...Sf6 (Berlinerforsvaret) og 3...d6 (Steinitz-forsvaret), og dei meir aggressive 3...f5 (Schliemann-forsvaret) og 3...Sd4 (Bird-forsvaret). Også 3...Lc5 og 3...Se7 blir prøvd av og til.

Etter det vanlege 3...a6 4.La4 finst det ein variant som blir kalla «den norske varianten» 4...b5 5.Lb3 Sa5. Langt vanlegare er 4...Sf6 5.0-0 og det er no tre hovudvariantar:

  • 5...Le7 er det vanlegaste og fører til «lukka spansk», som regel ei strategisk og posisjonell opning. Hovudvarianten her er 6.Te1 b5 7.Lb3 d6 8.c3 0-0 9.h3, ei grunnstilling for mange variantar - svart har fleire val her. Den eldste varianten, framleis populær, er 9...Sa5, Tsjigorin-varianten.
  • Her er ein viktig sidevariant: Viss svart i staden for 7...d6 spelar 7...0-0 og kvit spelar 8.c3 så kan svart ofre ein bonde med 8...d5. Dette blir kalla «Marshallangrepet», etter Frank Marshall. Bondeofferet gir svart eit kraftig kongeangrep, men kvit har gode moglegheiter for å forsvare seg og meirbonden - og så gir svart sitt løparpar gode moglegheiter til å halde remis i sluttspelet også med bonde under.
  • 5...Sxe4 blir kalla «open spansk». Sentrum blir opna ved at bøndene som stod der blir fjerna. Denne varianten er skarpare og meir taktisk enn lukka spansk. Den blir spelt sjeldnare, ikkje fordi den er rekna som dårlegare enn lukka spansk, men fordi svartspelarar som er ute etter slike stillingar gjerne spelar 1...c5, Siciliansk opning, i staden i første trekk.
  • 5...b5 blir kalla «Arkhangelsk-varianten» som også fører til skarpe stillingar der kvit har sjansen til å bygge eit stort bondesentrum som svart vil prøve å angripe.

Viss kvit ønskjer å unngå hovudvariantane i spansk, kan ein spele 5.De2 «Worrall-angrepet» som dekker e4-bonden igjen.