Peseta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spansk peseta)
100 peseta

Peseta (fleirtal pesetas) var mynteininga i Spania (og Andorra, saman med franske franc) fram til 31. desember 1998. Då vart den bytta ut med euro. Sidan 1. mars 2002 har ikkje pesetas vore gangbart som betaling i Spania og Andorra

Pesetaen blei delt inn i 100 céntimos heilt til inflasjonen gjorde det av med den mindre eininga. Folk brukte òg å dela ein peseta inn i fire reales.

Namnet peseta stammar frå det katalanske ordet peceta, som tyder 'ein liten bit'.