Spartakusforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spartakusforbundet

LandTyskland
GrunnleggjararRosa Luxemburg
Grunnlagt4. august 1914
Nedlagt31. desember 1918
ForgjengarSozialdemokratische Partei Deutschlands
Etterfølgd avKommunistische Partei Deutschlands
Ideologikommunisme Sjå dette på Wikidata

Spartakusforbundet (Spartakusbundtysk) var ein organisasjon av radikale sosialistiske krigsmotstandarar i Tyskland under første verdskrigen.

Organisasjonen oppstod som «Gruppe Internationale» i 1915, og omfatta mellom andre Rosa Luxemburg, Karl Liebknecht og Clara Zetkin.

I artiklar kalla «Spartakusbreva» blei krigen og den sosialdemokratiske partileiinga si tilslutning til krigføringa kritisert. Derfor blei «Gruppe Internationale» kjend som «Spartakusgruppa» og kalla seg seinare Spartakusforbundet.

Fleire av dei leiande medlemmene i organisasjonen blei etter kvart arresterte i periodar, og arbeidet deira på andre måtar hindra av styresmaktene.

Da det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD) blei danna i 1917, slutta spartakistane seg til. Men deira program var monaleg meir radikalt enn USPD sitt.

Etter at den tyske novemberrevolusjonen i 1918 hadde brote ut, gjekk Spartakusforbundet inn for ein rådsrepublikk bygd på arbeidarråd og soldatråd. Dette likna tilsynelatande på bolsjevikane sitt program i Russland, men den ideologiske leiaren i Spartakusforbundet, Rosa Luxemburg, stod i røynda for ein annan og meir demokratisk sosialisme enn Vladimir Lenin gjorde. Mellom anna slo ho fast i "Kva vil Spartakusforbundet?" at dei berre ville overta regjeringsmakta om det var den klåre og utvitydige viljen til folkefleirtalet.

Den 30. desember 1918 blei Det tyske kommunistpartiet (KPD) skipa, sjølv om Rosa Luxemburg rådde frå. I januar 1919 kom det til oppstand i Berlin, med kommunistar i brodden. Rosa Luxemburg var usamd i oppstanden, men blei likevel arrestert og drepen. Det same blei dei to andre fremste leiarane i KPD, Karl Liebknecht og Leo Jogiches. Men i fleire år framover var arven etter Spartakusforbundet og Rosa Luxemburg ein viktig faktor på den tyske venstresida, delvis innanfor KPD før dette partiet blei heilt dominert av stalinistar, og delvis utanfor. Om ikkje Rosa Luxemburg hadde blitt drepen, er det grunn til å tru at ho hadde komme til å spele ei viktig rolle i internasjonal sosialisme i åra som følgde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]