Speckle-interferometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Speckle-interferometri er ein teknikk der ein prøver å fjerne effekten av atmosfærisk turbulens (scintillasjon) på avbildinga til eit teleskop. Dette oppnår ein ved databehandling av ei mengde korteksponerte fotografi tekne av objektet i rask rekkefølgje. Teknikken har mellom anna vore nytta for studium av dobbeltstjerner, superkjemper og små områdw av soloverflata, og til å avgjere stjernediametrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]