Spekter
(Omdirigert frå Spektrum)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Spekter eller spektrum er eit ord som kan vise til variasjonen til eit utval, eller til ei samling av einingar innanfor utvalet. Ordet vert nytta i fleire ulike tydingar, og kan ha ulike bruksområde:
- Valrikdom, som i utsegna «Skulen tilbyr eit breitt spekter av ulike fag»
- Fysikk:
- Det elektromagnetiske spekteret som blir skapt av ulike bølgjelengder av elektromagnetisk stråling blir igjen delt inn i mellom anna fargespektrum
- Meir generelt kan ein snakke om frekvensspekter som kan omhandle elektromagnetiske frekvensar, lydfrekvensar og anna.
- Ymse himmellekamar vert delt inn i spektralklassar
- Eit stoff eller ein lekam har eit emisjonsspekter (utstrålingsspekter) eller eit absorbsjonsspekter.
- Massespektrum