Spekulasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fire bitar Spekulatius: Skip, bondegard, elefant, hest.
Spekulatiusrull frå rundt 1900, brukt til å laga mønster.

Spekulasje er ei krydra småkake som er knytt til juletider. Ho er som regel firkanta på form og har mønster eller pynt oppå.

Bakverket er utbreidd i Belgia, Nederland og vestlege Tyskland under namna Spekulatius (tysk), speculaas eller speculatie (nederlandsk) og spéculoos (fransk). På norsk er det også kjend som spekulasi(e), spikkelasje, spekelasje og sirupsspekulasje.[1][2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Deigen blir laga med lysebrunt sukker og eit hevemiddel som bakepulver eller ammoniumkarbonat. Dei hever ikkje så mykje. Ein bruker krydder som kanel, ingefær, nellik, kardemomme og kvit pepar, krydder som blei vanlege i området på grunn av den nederlandske krydderhandelen i Asia.

Kakene kan ha ulike mønster, ofte knytt til heilage Nikolaus, på eine sida. Andre sida er flat. I norsk tradisjon er kvar kake gjerne pynta med ein halv mandel.

Advent og jul[endre | endre wikiteksten]

I Nederland og Belgia er kakene sterkt knytte til adventstida. Dei blir laga til den liturgiske minnedagen for den heilage Nikolas den 6. desember, men ein kan eta dei seinare, også til jul. I Tyskland er dei knytt noko tettare til sjølve jula.

I Indonesia, som lenge var nederlandsk koloni, er bakverket også kjent, men der er det ikkje knytt til advent eller jul.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jensen, Kjell (2007-12-06), «Spekulasje», NRK (på bokmål), henta 2019-02-28 
  2. «spekulasi - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 2019-02-28