Speleothem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biletet syner dei seks vanlegaste speleothemene.

Speleothemer eller dryppsteinsformer er eit samleomgrep på avsettingsformer som stalaktittar, stalagmittar, heliktittar og krystall som finst i hòler.

Førekomst og danning[endre | endre wikiteksten]

Speleothemer finst i størst variasjon i karstholer, men òg i andre holetyper som brenningsholer, hellerar, tektoniske grotter og lavagrotter.

Avsettingane består for det meste av mineral som er utfelt frå mineralhaldig vatn. Dei vanlegaste minerala er karbonat (kalsitt, dolomitt) og evaporittmineraler (sulfat og halogenidar), men ulike oksid og silikat er òg kjent.

I karstholer er kalsiumkarbonat, CaCO3, det vanlegaste mineralet i speleothemer. Kalsiumkarbonat-utfellingar blir vanlegast danna ved avgassing av karbondioksid frå overmetta vassløysingar som treng inn frå sprekkar i grottevegger og -tak, eller ved fordamping.

I tillegg finnast ei rekkje eksotiske grottemineraler som krev særs låg råme og konstant temperatur for å dannast, som t.d. mirabilitt og epsomitt, eller ved spesielle kjemiske vilkår, som ulike fosfat, nitrat og organiske salt danna frå guano.

Både på grunn av at veksten er større, og at det har vore meir tid til stades (inga nedising under istider), er speleothemer i sørlegare strøk (særleg i tropane) mykje større enn på nordlege breiddegradar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Stalaktittar og stalagmittar[endre | endre wikiteksten]

Stalaktittar og stalagmittar er former som blir danna av drypande vatn. Istappformene i taket blir kalla stalaktittar, og pilarformer som stikk opp frå golvet, kallast stalagmittar.

Dei to formene kan møtast og vekse saman til søyler. Stalaktittane blir ofte først danna som tynne sugerøyrstalaktitter, som har same diameter som ein einskild vassdråpe. Når ein slik vassdråpe piplar ut i grottetaket, vil avgassing skje, og litt mineral vert utfelt i form av ein ring rundt dråpen. For kvar dråpe blir litt avsett meir av ringen, som tilslutt dannar eit røyr som vatnet førast ut igjennom. Dersom sentralkanalen skulle gro igjen, vil vatnet måtte renne på yttersida av strået, og det blir danna tjukkare, istappliknande stalaktittar.

Når dråpene lausnar og fell ned på golvet, skjer ny avgassing, og ein stalagmitt blir danna, denne gongen med større diameter enn stalaktitten over. Diameteren avheng av dråpestorleiken og kor langt dei har falle, men er vanlegvis mellom 4–5 cm og 10–15 cm. Dei kan bli fleire titals meter høye. Stalagmittplater er større, isvull-liknande former som kan danne eit fast golv oppå sediment.

Vektsstnøggleiken på dei fleste stalagmittane er i området 0,1–1,0 mm per år.

Heliktittar[endre | endre wikiteksten]

Heliktittar blir danna dersom dryppesnøggleiken er særs liten. Då vil krystallveksten dominere over effekten av tyngdekrafta, og heliktittane veks i alle moglege retningar.

Koralloidar[endre | endre wikiteksten]

Koralloidar er forgreina, bobleforma utvekstar som blir danna ved utfelling frå aerosolar på stader der det er vassprut.

Anthoditer[endre | endre wikiteksten]

Anthoditar er viskar av nålforma krystall.

Krystalldammar[endre | endre wikiteksten]

Krystalldammar blir danna i stalagmittplater som ei rekkje demningar som kan minne om rismarker i miniatyr. Bak kvar demning blir det danna ein dam der det blir danna krystall som kan bli opptil fleire desimeter i diameter.

Bruk i klimaforsking[endre | endre wikiteksten]

Speleothemer er verdifulle klima-arkiv der forskarane kan lese variasjonane i nedbør og temperatur i tidlegare tider. Ein har ved hjelp av følgjande tilhøve kunna kartleggje klimavariasjonane tilbake igjennom fleire istider og mellomistider: Innvendig viser mange stalagmittar vekstlag som minner om årringar i tre, der vekstsnøggleiken varierer både med nedbør (dryppesnøggleik) og med temperatur.

Fordelinga av oksygenisotopane (16O og 18O) i kalsittmineralet avheng av temperaturen under danninga og kan difor gje indikasjonar på variasjonar i nedbør og temperatur over grotta gjennom tidene.

Speleothemer inneheld òg små mengder blomsterstøv (pollen) som i si tid dreiv inn utanfrå og kleba seg på den våte dryppsteinsoverflata. Ein kan dermed identifisere plantesamfunn frå den tida dryppsteinen voks. På grunn av at karbonatspeleothemer inneheld ein del uran, kan alderen avgjerast særs presist med såkalla uranserie-datering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]