Spelet hundre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spelet Hundre)

Hundre er eit terningspel for to eller fleire personar, og vert spela med ein terning. Formålet med spelet er å bli førstemann til poengsummen hundre.

Kvart auga frå to til seks på terningen tel eitt poeng, og spelaren kan kaste så mange gonger han vil før han noterer ned poengsummen han har oppnådd og lèt nestemann kaste. Men dersom spelaren gjer terningkastet ein, mistar han poenga i denne omgangen og må overlate terningen til neste spelar. Den som først får poengsummen 100, har vunne.

Eksempel: Ein spelar slår 3-4-5-5-3 og noterer 20 poeng. Ein annan spelar slår 4-4-5-5-6 og noterer 24 poeng. Førstemann skår så 3-6-3-6 og kjem opp i 38 poeng, mens den andre slår 6-4-6-1 og vert ståande på 24 poeng. Slik går spelet til ein når 100.