Spelet om Heilag Olav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lasse Kolsrud som kongen i 2008

Spelet om Heilag Olav er ei utandørs teaterframsyning som vert spela kvar sommar. Dette historiske spelet vert sett opp nokre dagar i slutten av juli i samband med Olsok-dagane på Stiklestad Nasjonale Kultursenter i Verdal.

«Spelet» vart fyrste gong sett opp den 29. juli 1954. Lensmann Jon M. Suul gjorde opptak til framsyninga. Det er skrive av Olav Gullvåg, medan musikken er komponert av Paul Okkenhaug. Spelstykket er ei blanding av fri dikting og historiske hendingar som omtala i Snorre Sturlason sine kongesoger, eller Heimskringla.

Stykket handlar om då Olav Digre, den seinare Heilag-Olav, kom til garden Sul i Verdal. Han kom til garden berre nokre få dagar før han vart drepen i slaget ved Stiklestad den 29. juli 1030. Mykje av handlinga spelar på brytingstida ved den fyrste innføringa av kristendomen. I stykket er det med både historiske personar i tillegg til oppdikta.

Historiske personar i spelet:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]