Hopp til innhald

Spellemannprisen 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1979 vart delt ut i februar 1980 i Chateau Neuf i Oslo. Den 90-år gamle komponisten og valsekongen Reidar Thommesen fekk heidersprisen frå juryen dette året, og musikaren Pete Knutsen fekk diplom som spesialpris. Dette året vart det for fyrste og einaste gong delt ut pris i klassen «kor-plate». I tillegg var klassane «pop» og «rock» attende igjen, og som året før vart det delt ut to prisar i open klasse. Det vart ikkje delt ut nokon pris for beste barneplate. Arve Tellefsen var programleiar under utdelinga.

Klasse Artist Tittel
PopAnita SkorganIngen vei tilbake
RockPål ThowsenSurprise
Folkemusikk/gammaldansBjørgum/Berg/Kvifte/StubseidSlinkombas
JazzBjørn AlterhaugMoments
Klassisk musikk/samtidsmusikkOslo TrioFelix Mendelsohn og Frank Martin komposisjoner
Kor-plateBergen DomkantoriFolketoner i glass og ramme
VisesongJan EggumEn sang fra vest
Open klasseDet Norske TeatretSå lenge skuta kan gå
Open klasseJon EikemoLeser Jacob Sande
Spesialpris: heiderspris frå juryenReidar ThommessenGarden of Memories
Spesialpris: diplomPete Knutsen