Hopp til innhald

Spellemannprisen 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1981 vart delt ut våren 1982. Dette var tiande gong utdelinga vart arrangert, og i samband med jubileet vart det delt ut fire spesialprisar. Den gjævaste, som gjekk under namnet sølvharpen/10 års jubileumspris, fekk Terje Rypdal. Han kunne tidlegare år ikkje få nokon ordinær pris sidan han hadde tysk plateselskap. Åge Aleksandersen og Henning Sommerro fekk kvar sine eksemplar av heidersprisen frå juryen, medan Svein Dag Hauge fekk eit diplom. Akkurat som ved førre utdeling vart det delt ut to prisar i klassen rock.

Dirigent Mariss Jansons vann klassen Klassisk musikk/samtidsmusikk som dirigent for Oslo Filharmoniske Orkester i 1981.
Klasse Artist Tittel
PopTrond GranlundPleasant Surprise
Rock (ny-rock)De PressBlock to Block
Rock (jazz-rock)Sidsel Endresen/Jon Eberson GroupJive Talking
Folkemusikk/gammaldansHørkelgaddanTøffelmusikk
JazzThorgeir StubøNotice
Klassisk musikk/samtidsmusikkOslo Filharmoniske Orkester/Mariss Jansonsfor 3 plater med Grieg
VisesongHalvdan SivertsenLiv laga
Open klasseGeirr LystrupSongen om kjærligheta
BarneplateTrond Viggo Torgersen & George KellerDet by'ner nå
Spesialpris: sølvharpen/10 års jubileumsprisTerje Rypdal
Spesialpris: heiderspris frå juryenÅge Aleksandersen
Spesialpris: heidringspris frå juryenHenning SommerroLitt ta me
Spesialpris: diplomSvein Dag HaugePleasant Surprise