Hopp til innhald

Spellemannprisen 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1983 vart delt ut våren 1984. For fyrste gong vart prisen og vandretrofeet Årets spellemann delt ut. Prisen vart oppretta som ei utmerking til artistar som hadde prega musikkåret utover sjangerklassane. The Monroes vart dei fyrste som kunne kalle seg Årets spellemann og fekk i tillegg prisen i pop-klassen for debutalbumet Sunday People. Dei vart såleis også dei fyrste som vann meir enn éin pris under same utdeling. Jahn Teigen fekk heidersprisen frå juryen dette året, medan plateprodusenten Eirik Wangberg fekk bransjeprisen.

Klasse Artist Tittel
PopThe MonroesSunday People
RockBeranekX Ray
Folkemusikk/gammaldansTone HulbækmoKåmmå no....
JazzMasqualeroMasqualero
Klassisk musikk/samtidsmusikkGrex VocalisRenessanse for kor
VisesongLars Klevstrand/Hege Tunaal med Ålesund KammerensembleKirans viser
Open klasseSteinar OfsdalHat Trick
BarneplateKnutsen & LudvigsenJuba Juba
Årets spellemannThe MonroesSunday People
Spesialpris: heiderspris frå juryenJahn Teigen
Bransjepris som plateprodusentEirik Wangberg