Hopp til innhald

Spellemannprisen 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1984 vart delt ut Ibsenhuset i Skien våren 1985. Åge Aleksandersen vart Årets spellemann etter suksessen med albumet Levva livet!. Platedirektøren Totto Johannessen fekk heidringssprisen frå juryen, medan Jon Eberson og Sidsel Endresen fekk bransjeprisen som opphavsmenn for albumet City Vision. For fyrste gong vart det delt ut pris i klassen «roots & country» og denne prisen gjekk til Cato Sanden.

For fyrste gong fekk ikkje artistane vite kven som hadde vunne dei ulike sjangerklassene på førehand, slik praksisen hadde vore dei førre åra. Frå og med denne utdelinga måtte dei, i likskap med publikum, vente til prisutdelarane avdekte vinnarane.

Klasse Artist Tittel
PopLavaFire
RockCan CanEn lek i forhold
Folkemusikk/gammaldansAgnes Buen GarnåsDraumkvedet
JazzLaila DalsethDaydreams
Roots & countryCato SandenCato Sanden
Klassisk musikk/samtidsmusikkOslo Filharmoniske OrkesterTchaikovsky 5. symfoni
VisesongTove Karoline KnutsenVeintetid
Open klasseBalkansembletBalkan samlet
BarneplateVisvasKompis med Albert Åberg
Årets spellemannÅge AleksandersenLevva livet!
Spesialpris: heidringspris frå juryenTotto Johannessen
Bransjepris som opphavsmannJon Eberson/Sidsel EndresenCity Vision