Spellemannprisen 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Spellemannprisen 1985 blei delt ut våren 1986. a-ha vann prisen for Årets spellemann og fekk prisen i pop-klassen for debutalbumet Hunting High and Low. Bransjeprisen blei delt ut til plateprodusenten Hallvard Kvåle og det blei delt ut to heidringsprisar frå juryen: ein til Bobbysocks og Rolf Løvland for sigeren i Eurovision Song Contest og ein til Forente Artister for «Sammen for livet» som blei spelt inn til inntekt for folk ramma av svolt i Afrika.

Utdelinga blir ellers hugsa for då prisutdelarane Brødrene Dal ved eit mistak ropte opp feil namn i klassen for barneplater. Gruppa Mabben Max med Maj Britt Andersen blei først utropt som vinnar, men måtte returnere til plassane sine då det viste seg at det var «Harry Halvsjuk & the Håpløse» frå ungdomsprogrammet Halvsju som fekk prisen.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel
Pop a-ha Hunting High and Low
Rock Jonas Fjeld Band Neck'n'Neck
Folkemusikk/gammaldans Elisabeth Kværne På langeleik
Jazz Per Husby Dedications
Roots & country Claudia Scott/Ottar «Big Hand» Johansen/Casino Steel Oh Yeah!
Klassisk musikk/samtidsmusikk Robert Riefling Bach: das Wohltemperierte Klavier
Visesong Halvdan Sivertsen Amerika
Open klasse Kalenda Maya Kalenda Maya - Medieval and Renaissance Music
Barneplate «Harry Halvsjuk & the Håpløse» (NRK Halvsju) Harry Halvsjuk
Årets spellemann a-ha Hunting High and Low
Spesialpris: heidringspris frå juryen Bobbysocks/Rolf Løvland
Spesialpris: heidringspris frå juryen Forente Artister Sammen for livet
Bransjepris Hallvard Kvåle

Kjelder[endre | endre wikiteksten]