Hopp til innhald

Spellemannprisen 1986

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1986 blei delt ut våren 1987. Sissel Kyrkjebø fekk prisen for Årets spellemann, og a-ha vann tre prisar i år, mellom andre heidersprisen frå juryen og den nyoppretta prisen for «årets musikkvideo». Sistnemnde blei ikkje delt ut igjen før 1999-utdelinga. Musikaren, plateprodusenten og komponisten Svein Gundersen fekk bransjeprisen. Det blei ikkje delt ut nokon pris i klassen «roots & country» dette året.

Klasse Artist Tittel
Popa-haScoundrel Days
RockJonas Fjeld BandTime and Motion
Folkemusikk/gammaldansDalakopaDalakopa
JazzMasqualeroBande a Part
Klassisk musikk/samtidsmusikkTellefsen/Knardahl/Kvalbein/BratlieGrieg sonater for fiolin/klaver og cello/klaver
VisesongHenning SommerroNeonlys på Ivar Aasen
Open klasseDet Norske KammerkorVinjesvingen
BarneplateMaj Britt AndersenFolk er rare
Årets musikkvideoa-haHunting High And Low
Årets spellemannSissel KyrkjebøSissel
Spesialpris: heiderspris frå juryena-ha
BransjeprisSvein Gundersen