Spellemannprisen 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Spellemannprisen 1990 blei delt ut våren 1991. Gitarkameratene vann prisen for Årets spellemann og prisen i klassen «visesong». Marie Foss og Torstein Grythe fekk heidersprisen frå juryen for den mangeårige innsatsen deira som dirigentar for respektive NRKs jentekor og Sølvgutane. DumDum Boys vann prisen i rock-klassen for tredje år på rad, og Bjørn Eidsvåg vann den første prisen sin etter å ha vore nominert seks gongar tidlegare. Det blei ikkje delt ut pris i «open klasse» dette året.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel
Pop Sigvart Dagsland Alt eg såg
Rock DumDum Boys Pstereo
Folkemusikk/gammaldans Torleiv & Hallvard Bjørgum Skjoldmøyslaget. Faremoslåttar frå Setesdal
Jazz Oslo Groove Company Anno 1990
Roots & country Steinar Albrigtsen Alone Too Long
Underhaldning Bjørn Eidsvåg Alt du vil ha
Klassisk musikk/samtidsmusikk Oslo Filharmoniske Orkester/Mariss Jansons Mahler Symfoni nr. 2
Visesong Gitarkameratene Typisk norsk
Barneplate Gustav Lorentzen (alias Ludvigsen) Bli blid
Årets nykomar CC Cowboys Blodsbrødre
Årets spellemann Gitarkameratene
Spesialpris: heiderspris frå juryen Marie Foss/Torstein Grythe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]