Hopp til innhald

Spellemannprisen 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1994 blei delt ut våren 1995. Øystein Sunde vann prisen for Årets spellemann og blei dermed den einaste som har vunne denne utmerkinga to gongar. Første gong var under 1989-utdelinga. I tillegg blei han kåra til Årets spellemann som medlem av Gitarkameratene under 1990-utdelinga. Anne Grete Preus blei årets store vinnar og vann tre prisar for albumet Millimeter.

Det var ellers store endringar i kva for klassar det blei delt ut pris for dette året, og det blei berre delt ut 11 prisar mot 13 året før. Nye klassar var «årets låt» og «årets album». Sistnemnde blei berre utdelt i to fleire gongar før han kverva. Klassane kvinnelege artist og mannlege artist var attende etter 16 år, og klassen «pop» var erstatta med klassen «gruppe». Det blei ikkje delt ut priser innan «rock», «vise», «kammermusikk», «orkestermusikk» eller «open klasse» dette året. Borte for godt var klassane «roots & country» og «underhalding».

Klasse Artist Tittel
Kvinnelege artistAnne Grete PreusMillimeter
Mannlege artistJonas FjeldNerven i min sang
GruppeTre små kinesereHjertemedisin
Folkemusikk/gammaldansKnut Buen/Leif Rygg/Kåre NordstogaBjølleslåtten (slåttar etter Ola Mosafinn)
JazzEgil Kapstad TrioRemembrance
Klassisk musikk/samtidsmusikkHåkon AustbøMessiaen - Vingt Regards
BarneplateTerje FormoeKaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga
Årets låtAnne Grete Preus«Millimeter»
Årets albumAnne Grete PreusMillimeter
Årets nykomarWeldNatural Tools
Årets spellemannØystein Sunde