Hopp til innhald

Spellemannprisen 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 2001 vart delt ut i Oslo Spektrum fredag 1. mars 2002. Morten Abel kom til å bli den store vinnaren, med prisen for Årets spellemann og som vinnar av klassane «popsolist» og «årets låt». Röyksopp gjorde det også bra og vann prisen i den nye klassen «elektronika» og «årets musikkvideo». I tillegg til elektronika vart det for fyrste gong delt ut prisar i klassane «metal» og «blues».

I samband med Spellemannprisens 30-årsjubileum vart det også delt ut ein spesialpris kalla for «Tidenes norske hit» der Spellemannkomitéen nominerte 14 låtar frå den 30-årige historia til utdelinga. Vinnaren blei avgjort av publikum som på førehand kunne avgi stemma si gjennom telefon og internett. «Noen ganger er det all right» med Odd Børretzen og Lars Martin Myhre gjekk av med sigeren framfor «Take On Me» med a-ha og «Lys og varme» med Åge Aleksandersen.

Det var også 30., og førebels siste, gong NRK arrangerte utdelinga. Utdelinga blei leia av Bård Tufte Johansen og overført direkte på NRK1.

Klasse Artist Tittel
PopsolistMorten AbelI'll Come Back And Love You Forever
PopgruppeSavoyReasons to stay indoors
RockKaizers OrchestraOmpa til du dør
ElektronikaRöyksoppMelody A.M.
BluesBjørn BergeStringmachine
MetalDimmu BorgirPuritanical Euphoric Misanthropia
Hip-hopKlovner i kampBjølsen hospital
Open klasseAnja GarbarekSmiling & Waving
Folkemusikk/gammeldansPer Sæmund BjørkumBerg og Vatn
DanseorkesterScandinaviaDe aller beste live
JazzUrban ConnectionUrban Connection
Klassisk musikkRolf LislevandAlfabeto
SamtidsmusikkPeter HerresthalArne Nordheim; Complete Violin Music
ViserHalvdan SivertsenTvil, håp og kjærlighet
BarneplateUhu! (NRK Barn)Uhu!
Årets musikkvideoRöyksopp«Eple»
Årets nykomarSondre LercheFaces Down
Årets låtMorten Abel«I'll Come Back And Love You Forever»
Årets spellemannMorten Abel
Tidenes norske hitOdd Børretzen & Lars Martin Myhre«Noen ganger er det all right»