Spellemannprisen 2003

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Spellemannprisen 2003 vart delt ut i Chateau Neuf laurdag 28. februar 2004. Silje Nergaard fekk æra av å bli kåra til Årets spellemann, og Wenche Myhre vann heidersprisen frå juryen dette året for innsatsen sin gjennom 50 år i underhaldingsbransjen i Noreg og i utlandet. Utdelinga vart leia av Harald Rønneberg og Thomas Numme, og direkteoverført på TV 2.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel
Kvinneleg popsolist Bertine Zetlitz Sweet Injections
Mannleg popsolist Magnet On Your Side
Popgruppe Ephemera Air
Elektronika Xploding Plastix The Donca Matic Singalongs
Rock Turboneger Scandinavian Leather
Blues/country Vidar Busk Love Buzz
Metal Dimmu Borgir Death Cult Armageddon
Hip-hop Equicez State of Emergency - Generation Equiz
Folkemusikk/gammaldans Majorstuen Majorstuen
Danseorkester Ole Ivars Hverdag & Fest
Jazz Atomic Boom Boom
Klassisk musikk Leif Ove Andsnes Grieg/Schumann: Piano Concertos
Samtidsmusikk Hans-Kristian Kjos Sørensen Open
Viser Erik Bye og Marinemusikken I Dur og Brott
Open klasse Niko Valkeapää Niko Valkeapää
Barneplate Hege Rimestad/Geirr Lystrup Fly Som En Stein
Årets musikkvideo Kaizers Orchestra «Evig pint»
Årets nykomar Julian Berntzen Waffy Town
Årets låt Kurt Nilsen «She's So High»
Årets spellemann Silje Nergaard
Heiderspris Wenche Myhre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]