Hopp til innhald

Spellemannprisen 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 2012 vart delt ut i Stavanger konserthus laurdag 23. mars 2013. Utdelinga vart leidd av Anne Lindmo og overført direkte på NRK1.

Kaizers Orchestra blei kåra til Årets spellemann og vann dessutan klassen for årets musikkvideo medan heidersprisen gjekk til jazzsongarinna Karin Krog. Leif Ove Andsnes vann klassen klassisk, og vart dermed den første artisten som har vunne ti spellemannprisar.

I forkant av utdelinga fjerna Spellemannkomiteen dei to kjønnsbestemte klassane beste mannlege og beste kvinnelege artist for å reindyrka sjangerkategoriane.[1] Seinare blei også klassen hip hop/rap fjerna frå denne utdelinga grunna for få påmeldte bidrag.[2]

Dette var første gongen utdelinga blei arrangert i Stavanger, og Spellemann har inngått avtale om å ha ytterlegare to utdelingar i Stavanger Konserthus med høve til å forlenga.[3] Før utdelinga blei det også arrangert Spellemanndagar i byen med konsertar og bransjeseminar.[4]

Klasse Artist Tittel
MetallNekromantheonRise, Vulcan, Spectre
RockTommy TokyoAnd the Horse Came Riderless
PopKarpe DiemKors på halsen, Ti kniver i hjertet, Mor og Far i døden
BluesBilly T BandMo-Billy-T
DansebandPegasusForandringer
Folkemusikk/tradisjonsmusikkOttar KåsaOttar Kåsa
Elektronisk musikkLindstrømSmalhans
JazzSidsel Endresen og Stian WesterhusDidymoi Dreams
BarneplateChristine SandtorvStjerneteller - Gullamanter
KlassiskLeif Ove AndsnesThe Beethoven Journey Piano Conectors Nos 1&3
SamtidsmusikkAsamisimasaPretty Sound
ViseTønesSån av salve
CountryIda JenshusSomeone To Love
Open klasseFarmers MarketSlav to the Rhythm
TekstforfattarFrank TønnesenTønes: Sån av salve
KomponistEivind BueneCikada: Possible Cities/Essentials Landscapes
Årets spellemannKaizers Orchestra
Årets nykomar og Gramo-stipendLidoLidoPretty Girls & Grey Sweaters
Årets hitSirkus Eliassen og Ben Kinx«Æ vil bare dans»
Årets musikkvideoKaizers Orchestra«Begravelsespolka» Regissør: Eivind Tolås
HeidersprisenKarin Krog

Dei nominerte blei offentleggjort 12. februar. Det blei ikke offentleggjort nokon nominerte i klassane Årets spellemann eller heidersprisen på førehand.

Barneplate:

Blues:

Country:

Danseband:

Elektronisk musikk:

Folkemusikk/tradisjonsmusikk

Jazz:

Klassisk:

Metall:

Pop:

Rock:

Samtidsmusikk:

Vise:

Open klasse:

Tekstforfattar:

Komponist:

Årets musikkvideo:

Årets nykomar:

Årets hit:

Fotnotar frå bokmålswiki

[endre | endre wikiteksten]