Spendrups

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°15′19.15″N 17°52′42.28″E

Spendrups Bryggeriaktiebolag
Spendrups skylt Vårby 2013.jpg
Vårby bryggeri vörtpanna 2013b.jpg
SelskapsformPrivat aksjeselskap
Skipa1735
DotterselskapSpendrups Vin
Gotlands Bryggeri
Hellefors Bryggeri
EigarSpendrup Invest AB
BransjeBryggjeri
HovudkontorVårby i Sverige
Tilsette1 138
Omsetnad2,955 milliardar SEK (2009 [1])
Nettstadhttp://www.spendrups.se/

Spendrups er eit svensk bryggjeri som særleg produserer øl og sider. Det vart grunnlagd i 1897 som Grängesbergs Bryggeri AB. I konsernet inngår òg dotterføretaket Spendrups Vin, Gotlands Bryggeri og Hellefors Bryggeri. Spendrups er deleigar (20 %) i Bergstrands Kafferosteri. Totalt har Spendrupskonsernet ca. 1 000 medarbeidare og omsett for ca. 3,0 mdr SEK.[2]

Hovudkontoret ligg i Vårby i Huddinge kommun, sør for Stockholm. Spendrups har fire bryggjeri som ligg i Grängesberg, Vårby (sjå Spendrups bryggeri, Vårby), Hällefors og Visby (mikrobryggjeriet Gotlands Bryggeri). Alle bryggjeria er sertifiserte av BRC (British Retailers Consortium).

I mai 2011 presenterte bryggjeriet planar om å legge ned anlegget i Vårby og Loviseberg i løpet av 2012-2014 for å konsentrere tilverkinga ved Grängesberg.[3]

Omsetting[endre | endre wikiteksten]

I 2008 var Spendrups den nest største leverandøren av øl til Systembolaget, med 20,2 % av leveransane (42 943 890 liter). Same året leverte det 2 565 363 liter sider (og blandingsdrikkar), noko som gjorde Spendrups til den fjerde største leverandøren til Systembolaget med 13,9 % av marknaden.[4] For restaurantmarknaden finst det ingen offisielle tal.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Spendrups bryggeri i Grängesberg

Spendrups si historie tok til i år 1735 med stamfaren Mads Pedersen som drog frå landsbyen Spentrup i Danmark og flytta til København og vart brennevinsbrennar. I 1855 flytta Jens Fredrik Oscar Spendrup, barnbarnsbarn til Mads Pedersen, til Sverige og busette seg i Halland. I 1923 ovvertok Louis Spendrup, son til Jens Fredrik Oscar, Grängesbergs bryggeri i Grängesberg i Dalarna for 65 000 kr.

I 1950 tok Jens Fredrik «PO» Spendrup, son av Louis Spendrup, over bryggjeriet og fordobla omsetninga kvart år på heile 1950-talet. I 1967 overtok ein Mariestads bryggeri og i 1972 flytta ein den verksemda til Grängesberg. I 1976 vart Jens og Ulf Spendrup, søner til Jens Fredrik «PO» Spendrup, sjefar for Grängesbergs Bryggeri.

I året 1979 vart det første ølet med namnet «Spendrups» lansert på Operakällaren i Stockholm. I 1982 bytte Grängesbergs Bryggeri AB namn til Spendrups Bryggeri AB. I 1983 vart føretaket introdusert på børsen, men det vart tatt av børsen igjen i 2001.

I 1989 kjøpte Spendrups Kooperativa Förbundet si bryggjeriverksemd[5] som bestod av Wårby Bryggerier utanfor Stockholm og Sollefteå Bryggeri (noverande Zeunerts bryggeri) . Med på kjøpet fekk ein mellom anna varemerket Norrlands Guld. Bryggjeriet i Sollefteå (der Norrlands Guld vart bryggja frå starten) vart lagd ned og sidan seld vidare medan Vårbybryggeriet ikkje vart det.

Då det statlege vin- og spritmonopolet vart oppheva i 1995 på grunn av inntreden i EU tok Spendrups til å importere og distribuere vin. I 2001 starta føretaket spritdistribusjon, og samme år byrja lisenstilverkinga av Heineken. I 2009 fekk Spendrups inn Schweppes i sitt sortiment. Spendrups har i dag ca. 1 100 medarbeidarar.[6]

Sidan mai 2011 er Fredrik Spendrup VD. Han etterfølgde sin far, Jens Spendrup, som i staden vart styreleiar.[7]

Varemerke[endre | endre wikiteksten]

Mellom Spendrups sine eigne varemerke inngår Spendrups, Norrlands Guld, Mariestads, Loka og Nygårda. Mellom varemerka som føretaket tilverkar på lisens er Heineken, Schweppes, Pago, El Coto, Gallo og Bergstrands kaffe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bokslut & Nycktal - Spendrups Bryggeriaktiebolag». AllaBolag.se. 
  2. Spendrups "Korta fakta". Spendrups.se. Läst 21 september 2011.
  3. «Spendrups koncentrerar sin verksamhet till Grängesberg». 12 maj 2011. Henta 28 april 2013. 
  4. «Systembolagets statistik». 
  5. Spendrups «Historik»
  6. Spendrups "Om oss"
  7. ”Pressmeddelande 2011-05-05”. Spendrups. Läst 21 september 2011.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anell, Barbro; Persson Bo: Historien om det privata alternativet: Spendrups och bryggerinäringen 1976-1986, Forskningsstift. Eco, Stockholm 1986 (swe). ISBN 91-970832-0-8. Libris 7792593. 
  • Hellström, Hans: Med öl i blodet: historien om Spendrups 1897-1997, Sellin & partner, Stockholm 1996 (swe). ISBN 91-7055-166-9 (inb.). Libris 7596778. 
  • Söderqvist Tralau, Marie: Rolf Ängfors år på Spendrups: en bok om familjeföretagande och styrelsearbete, Timbro, Stockholm 2000 (swe). ISBN 91-7566-455-0 (inb.). Libris 7648458. 
  • Wigstrand, Hans: Dryckesbröder: Spendrups från säker källa, Ekerlid, Stockholm 2003 (swe). ISBN 91-89617-69-X (inb.). Libris 9167880. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]