Armering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spennarmering)

Armering er jern som vert støypt inn i betongen for at han ikkje skal sprekke eller gi etter for strekk, trykk og skjerkrefter.

Ferdig bunden bjelkearmering av kamstål

Armeringa verkar saman med betongen for å bere dei lastene som konstruksjonen vert påført, og har fleire funksjonar:

  • Ho tek opp nesten alle strekkrefter.
  • Ho tek opp store delar av skjerkreftene der dette er aktuelt, t.d. i bjelkar.
  • Ho tek opp trykkrefter, der betongtverrsnittet åleine ikkje er sterkt nok, t.d. ved slanke søyler.
  • Ho hindrar riss og svinn under herding. Dette er frå mikroskopiske til små sprekkar i betongtverrsnittet som kjem som ei følgje av krymping når betongen herdar. For store riss i tverrsnittet kan føre til at vatn trengjer inn i betongen og skadar han.

Vi skil vanlegvis mellom tre typar armering:

  • slakkarmering
  • spennarmering
  • fiberarmering

Slakkarmering[endre | endre wikiteksten]

Dette er den vanlegaste typen armering. Tidlegare, til litt utpå 1950-talet, bestod han av glatte stålstenger som vart bøygde i endane slik at dei skulle få god forankring i betongen. I 1953 byrja Christiania Spigerverk å produsere kamstål. Kamstål er stålstenger med kammar (riller) på overflata (sjå biletet) som sørgjer for god forankring. Då kamstålet kom, vart det raskt einerådande på marknaden, og glatte armeringsstenger er no heilt ute av bruk i nye betongkonstruksjonar.

På den kommersielle marknaden er det berre armeringsstenger av stål å få tak i. Armeringsstenger av anna materiale, blant anna basert på karbonfiber, er under utvikling, men desse er enno ikkje kommersielt konkurransedyktige. Dei viktigaste fordelane med å bruke stål er:

Å binde armering – altså å montere armeringsjern på rett måte – er eit eige yrke med fagbrev der ein får tittelen «jernbindar».

Spennarmering[endre | endre wikiteksten]

Spennarmering er mykje brukt i bruer og i prefabrikkerte betongelement. Ved bruk av spennarmering kan ein t.d. byggje konstruksjonar med større spennvidder enn ein kan gjere ved slakkarmering. Prinsippet ved spennarmering eit at ein strekkjer armeringa og påfører betongen trykkspenningar slik at betongen står under trykk og ikkje rissar (sprekk) opp. Det gjev to fordelar:

  • Konstruksjonen vil bli mindre deformert enn om han hadde vore slakkarmert.
  • Armeringa vil òg verte mindre utsett for rust, fordi han ligg verna inne i betong som ikkje har riss.

I sum gjer det at ein spennarmert betongkonstruksjon anten kan bere større laster enn ein slakkarmert, ha mindre tverrsnittsdiameter enn ein slakkarmert, ha større spennvidd enn ein slakkarmert, eller ein kombinasjon av desse.

Fiberarmering[endre | endre wikiteksten]

Fiberarmering er armering ved hjelp av (ei stort mengd) fibrar som vert blanda inn i betongen på blandestasjonen. Det er to typar fibrar som er vanleg i bruk, stålfibrar og fibrar av polypropylen. Lengda av ein einskild fiber er omtrent 5-10 cm, og diameteren er som ein tynn ståltråd. Fibrane har ei utforming som bidreg til god heft i betongen, anten ved hjelp av grov overflate, bølgja utforming eller krokar i endane. Fiberarmering vert mest nytta i sprøytebetong, men vert òg brukt som armering i golv om det ikkje er fare for at golvet kan bli utsett for spesielt store laster. Plastfibrar vert brukt i gjødselskjellarar, ved sida abv tilleggsarmering.

Tidlegare brukte ein òg asbestfibrar for å armare betong, men etter at ein oppdaga skadeverknadene ved bruk av asbest, vart det forbode. Eternitt vart i si tid eit kjent varemerke for vegg- og takplater med fiberarmert betong.