Sperrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barnes Gap i Sperrins

Sperrins, irsk Na Speiríní, er ei kjede av åsar i Nord-Irland og eit av dei største høglandsområda på øya Irland.

Sperrinfjella ligg midt i Nord-Irland, og strekkjer seg frå vestsida av innsjøen Lough Neagh i grevskapet Tyrone til dei sørlege delane av grevskapet Londonderry. Det bur om lag 150 000 menneske innanfor området. Det karakteristiske landskapet, forma av isbrear, blir rekna som eit av dei mest idylliske områda i Irland. Sidan 1968 har området hatt status som «eit område med særskild ven natur» (Area of Outstanding Natural Beauty).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]