Spettmeisfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spettmeisfamilien
Spettmeis Foto: Pawel Kuzniar
Spettmeis
Foto: Pawel Kuzniar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Spettmeisfamilien Sittidae
Lesson, 1828

Spettmeisfamilien (Sittidae) er ein familie av små sporvefuglar med forholdsvis stort hovud. Dei har rett, kraftig nebb, kort hale og korte bein. Fuglane er gode klatrarar.

Sittidae er ein familie med artar over heile Eurasia og Nord-Amerika. I Noreg hekkar berre arten spettmeis (Sitta europaea).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er kompakte fuglar med kraftige bein og sylforma, kraftig nebb. Dei kan gå på hellande eller vertikale trestammar og opp ned under greiner.[1] Virvellause dyr er ein viktig del av dietten for spettmeiser, spesielt i hekketida, men dei fleste artane et òg frø i det minste om vinteren, når evertebratar er mindre lett tilgjengeleg. Større matkjelder, slik som store insekt, sniglar, eikenøtter eller frø kan bli kilt inn i sprekkar og hakka i bitar med det sterke nebbet. Dette er åtferda som gjev namnet til familien.[2] Alle i familien lagrar forråd av mat, vanlegvis frø, som kan skyvast inn i sprekkar eller ned i bakken, gøymast under småsteinar, eller bak borkeflak. Klippespettmeis vil òg presse inn sniglar i passande sprekkar til å bruke i tider med manglande tilgang på føde. Dei kan finne att matforråd etter minne,[3] opp til 98 dagar etter lagring.[4]

Alle artane i denne gruppa hekkar i holrom. Klippespettmeis og ravinespettmeis brukar bergsprekker, alle andre spettmeisartar hekkar i hole tre. Ungane er lite utvikla ved klekking, blinde, fjørlause og hjelpelause ved fødselen. Begge foreldra matar ungane til dei er flygedyktige.

Fossil[endre | endre wikiteksten]

Fossila for denne gruppa synest å vere avgrensa til eit bein frå ein fot av ein tidleg miocen fugl frå Bayern som har vorte identifisert som ein utdøydd representant for klatrande Certhioidea, ein klade beståande av trekryparar, murkrypar og spettmeiser. Han har vorte skildra som Certhiops rummeli.[5]

Status[endre | endre wikiteksten]

Pygméspettmeis, Sitta victoriae
Foto: Len Blumin

Dei fleste spettmeiser har store populasjonar og omfattande geografiske område, og små problem med bestanden.[6]

Nokre av dei meir avgrensa artane er truga av avskoging.

  • Kvitbrynspettmeis, Sitta victoriae, er ein sterkt truga art. Populasjonen på 2500 til 10 000 fuglar på eit avgrensa område i Myanmarm er avtakande, og ingen vernetiltak er på plass.[6]
  • Den sterkt truga kabylspettmeis, Sitta ledanti, finst berre på seks kjende åtskilde stader i Algerie, og den totale populasjonen er estimert til under 2500 fuglar.[6]
  • Praktspettmeis, Sitta formosa, lever i grensestrøka mellom Kina, Bhutan, India, Myanmar og Laos. Han er sårbar, berre lokale utbreiingar, og med avtakande populasjon.[6]
  • Korsikaspettmeis, Sitta whiteheadi, er sårbar i sitt utbreiingsområde på Korsika, der avskoging og skogbrannar øydelegg habitata.[6]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Sittidae-familien vart skildra av René-Primevère Lesson i 1828. Dei næraste slektningane er murkrypar (Tichodroma muraria) og trekryparar, og alle desse artane er nokre gonger plassert i ei større gruppering saman med gjerdesmettfamilien og myggsmettar. Denne superfamilien er kalla Certhioidea.

RaudnebbvangaMadagaskar og sittellaer i Australia og på Ny-Guinea vart ein gong plassert i familien Sittidae, på grunn av likskapar til spettmeiser i utsjånad og livsstil, men dei er ikkje nært nærskyldt, likskapar skuldast konvergent evolusjon for fylle ein økologisk nisje[2].

Nokre gonger er murkrypar som er avgrensa til fjella i det sørlege Eurasia, òg plassert i Sittidae-familien, i ein eigen underfamilie "Tichodromadinae". I så fall blir spettmeiser klassifisert i underfamilien "Sittinae". Murkrypar er likevel oftare plassert i ein eigen familie, det Tichodromadidae.[7] Morfologisk ligg murkrypar mellom spettmeiser og trekryparar, men utsjånad, tekstur i fjørdrakta, og forma og mønster på halen tydar på at han er nærast det førstnemnde takson.[8]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Spettmeiser i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]

Slekt Sitta
  • Kvitkinnspettmeis, Sitta leucopsis, White-cheeked nuthatch, Gould, 1850, (LC)
  • Kanelbukspettmeis, Sitta przewalskii, Przevalski's nuthatch, Berezowski & Bianchi, 1891, (LC)
  • Kjempespettmeis, Sitta magna, Giant nuthatch, Wardlaw-Ramsay, RG, 1876, (EN)
  • Kvitbrystspettmeis, Sitta carolinensis, White-breasted nuthatch, Latham, 1790, (LC)
  • Praktspettmeis, Sitta formosa, Beautiful nuthatch, Blyth, 1843, (VU)
  • Blåspettmeis, Sitta azurea, Blue nuthatch, Lesson, R, 1830, (LC)
  • Raudnebbspettmeis, Sitta frontalis, Velvet-fronted nuthatch, Swainson, 1820, (LC)
  • Vietnamspettmeis, Sitta solangiae, Yellow-billed nuthatch, (Delacour & Jabouille, 1930), (NT)
  • Filippinarspettmeis, Sitta oenochlamys, Sulphur-billed nuthatch, (Sharpe, 1877), (LC)
  • Pygméspettmeis, Sitta pygmaea, Pygmy nuthatch, Vigors, 1839, (LC)
  • Brunhettespettmeis, Sitta pusilla, Brown-headed nuthatch, Latham, 1790, (LC)
  • manglar norsk namn, Sitta insularis, Bahama nuthatch, Bond, J, 1931, (CR)
  • Yunnanspettmeis, Sitta yunnanensis, Yunnan nuthatch, Ogilvie-Grant, 1900, (NT)
  • Kabylspettmeis, Sitta ledanti, Algerian nuthatch, Vielliard, 1976, (EN)
  • Tyrkarspettmeis, Sitta krueperi, Krüper's nuthatch, Pelzeln, 1863, (LC)
  • Rustspettmeis, Sitta canadensis, Red-breasted nuthatch, Linnaeus, 1766, (LC)
  • Korsikaspettmeis, Sitta whiteheadi, Corsican nuthatch, Sharpe, 1884, (VU)
  • Kinaspettmeis, Sitta villosa, Chinese nuthatch, Verreaux, J, 1865, (LC)
  • Klippespettmeis, Sitta neumayer, Western Rock nuthatch, Michahelles, 1830, (LC)
  • Ravinespettmeis, Sitta tephronota, Eastern Rock nuthatch, Sharpe, 1872, (LC)
  • manglar norsk namn, Sitta arctica, Siberian nuthatch, Buturlin, 1907, (LC)
  • Kvitbrynspettmeis, Sitta victoriae, White-browed nuthatch, Rippon, 1904, (EN)
  • Kvithalespettmeis, Sitta himalayensis, White-tailed nuthatch, Jardine & Selby, 1835, (LC)
  • Spettmeis, Sitta europaea, Eurasian nuthatch, Linnaeus, 1758, (LC)
  • Gråbrystspettmeis, Sitta nagaensis, Chestnut-vented nuthatch, Godwin-Austen, 1874, (LC)
  • Kashmirspettmeis, Sitta cashmirensis, Kashmir nuthatch, Brooks, WE, 1871, (LC)
  • Kastanjespettmeis, Sitta castanea, Indian nuthatch, Lesson, R, 1830, (LC)
  • Kanelspettmeis, Sitta cinnamoventris, Chestnut-bellied nuthatch, Blyth, 1842, (LC)
  • Buddhaspettmeis, Sitta neglecta, Burmese nuthatch, Walden, 1870, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  2. 2,0 2,1 Harrap, Simon, D.Quinn (1996). Tits, Nuthatches and Treecreepers. Christopher Helm. s. 16–17. ISBN 0-7136-3964-4. 
  3. Hardling, Roger, H. Kallander, J-Å Nilsson (1997). «Memory for Hoarded Food: An Aviary Study of the European Nuthatch» (PDF). The Condor 99 (2): 526–529. JSTOR 1369961. doi:10.2307/1369961. 
  4. Nilsson, Jan-Åke, H. K. O Persson (1993). «A prudent hoarder: effects of long-term hoarding in the European nuthatch, Sitta europaea». Behavioral Ecology 4 (4): 369–373. doi:10.1093/beheco/4.4.369. 
  5. Manegold, Albrecht (2008). «Earliest fossil record of the Certhioidea (treecreepers and allies) from the early Miocene of Germany». Journal of Ornithology 149 (2): 223–228. doi:10.1007/s10336-007-0263-9. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 BirdLife International (2022)
  7. Snow, David; Perrins, Christopher M (red) (1998). The Birds of the Western Palearctic (BWP) concise edition (2 volumes). Oxford: Oxford University Press. s. 1408–1410. ISBN 019854099X. 
  8. Vaurie, Charles, W. Koelz (1950). «Notes on some Asiatic nuthatches and creepers» (PDF). American Museum novitates 1472: 1–39. Arkivert frå originalen (PDF) 18. mars 2009. 
  9. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 26. februar 2022
  10. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spettmeisfamilien