Spider-Man
Spider-Man | |||
Person kledd ut som Spider-Man | |||
Fødd | Queens | ||
---|---|---|---|
Opptrer i | Spider-Man, The Amazing Spider-Man, Spider-Man (1994 TV-serie), Spider-Man 2, Spider-Man 3, Spider-Man 3, The Amazing Spider-Man 2, The Amazing Spider-Man, Marvel vs. Capcom 2: New Age of Heroes, Spider-Man: Edge of Time, Spider-Man: Shattered Dimensions, Marvel vs. Capcom: Infinite, Spider-Man: Friend or Foe, Spider-Man: No Way Home | ||
Land | USA | ||
Mor | Mary Parker | ||
Far | Richard Parker | ||
Ektefelle | Mary Jane Watson | ||
Sambuar | Gwen Stacy, Black Cat, Betty Brant, Carlie Cooper, Debra Whitman, Mary Jane Watson, Liz Allan, Kitty Pryde | ||
Barn | Spider-Girl, Benjamin Richard Parker, Felicity Hardy | ||
Medlem | Avengers |
Spider-Man (på norsk tidlegare kjend som Edderkoppen) er ein amerikansk teikneserie- og filmfigur som blei funnen opp av Stan Lee og Steve Ditko i 1962. Spider-Man er ein superhelt som har edderkopp-baserte evner. Den fyrste soga om han stod på trykk i Amazing Fantasy nummer 15 i 1962. Dette var siste utgåve av Amazing Fantasy, men Spider-Man var så populær at han fekk sitt eige blad, The Amazing Spider-Man, i 1963.
Spider-Man er ein typisk Marvel-superhelt på den måten at han lever eit dobbeltliv; eitt liv der han lever som ein vanleg person (Peter Parker) og slit med slike problem som dei fleste slit med (kjærleik, skule og den typen ting); og eitt der han er superhelten, den skjulte identiteten. Kreftene hans gir han moglegheita til å gjera godt, men ikkje til å skaffa seg sjølv personlege fordeler. Spider-Man har ein typisk «med store krefter kjem stort ansvar»-tematikk.
Ei lang rekke forfattarar og teiknarar har arbeidd med Spider-Man sidan 1960-åra, mellom anna John Romita, Gerry Conway, Gil Kane, Ross Andru, Roger Stern, Al Milgrom, Peter David, Tom DeFalco, Ron Frenz, Todd McFarlane, David Michelinie og J. Michael Straczynski.
I Noreg kom teikneseriane om Spider-Man ut for fyrste gang i 1968 under namnet Edderkoppen. Bladet gjekk inn etter berre åtte nummer. Det dukka opp igjen i 1978, og heldt det gåande heilt til 1993 I 1999 var serien tilbake i norske bladhyller, denne gongen under namnet Spider-Man. Heftet kom ut kvar månad fram til 2009, då det gjekk inn att. Heftet Spider-Man Kids kjem framleis ut, med historier spesielt retta mot barn. Det «eigentlege» Spider-Man blir sporadisk gitt ut i Noreg i form av spesialalbum som inneheld komplette forteljingar, i staden for månadlege blad med føljetongar.
Spider-Man er ein populær figur som i tillegg til diverse teikneseriar også har vore med i fleire teiknefilmar, spelefilmar og fjernsynsseriar. I 1977 blei det laga ein kortvarig fjernsynsserie med Nicholas Hammond i rolla som den maskerte helten. Den fyrste rolla hans på kinolerretet kom 25 år seinare i filmen Spider-Man (2002) med Tobey Maguire i hovudrolla. Denne fekk ein oppfølgjar i 2004. Den tredje filmen hadde verdspremiere 4. mai 2007.
Soga om Spider-Man
[endre | endre wikiteksten]Peter Benjamin Parker er elev ved Midtown High School i Forest Hills i Queens i New York. Han er foreldrelaus, og bur hjå onkelen sin Ben og tanta May. Han blir biten av ein radioaktiv edderkopp under ei vitskapleg utstilling. Dette fører til at han får auka atletiske evner, i tillegg til å kunna festa seg til vegger og tak som ein edderkopp. Kort tid etter ignorerer han ein flyktande tjuv, og denne likesæla hans innhentar han når den same kriminelle seinare ranar og drep onkelen hans.
Trass i superkreftene sine, slit Parker med å hjelpa tanta si, som no er enke, med å betala husleie. Han blir plaga av jamaldrande, særleg amerikansk fotball-stjerna Flash Thompson. Parkar synest det er vanskeleg å sjonglera det personlege livet sitt og helteeventyr. Etter kvart blir Peter uteksaminert frå vidaregåande skule, og melder blir student ved Empire State University. Der møter han Harry Osborn, som snart blir den nye bestevennen hans - og dessutan den nye kjærasten sin Gwen Stacy. Tante May introduserer han òg for Mary Jane Watson.
Harry Osborn freistar å takla narkotika-problem, og far til Harry blir avslørt som Spider-Man sin fiende Green Goblin. Far til Gwen Stacy, etterforskaren George Stacy i New York, blir ved eit uhell drepen under ein konflikt mellom Spider-Man og skurken Doctor Octopus. Seinare freistar Green Goblin å kasta Gwen Stacy frå eit tårn ved enten Brooklyn Bridge eller George Washington Bridge. Men Gwen døyr under redningsforsøket til Spider-Man.
Parker blir uteksaminert frå universitetet, og blir kjent med den sjenerte Debra Whitman og den meir omgjengelege, flørtande Felicia Hardy - òg kjend som Black Cat. Frå 1984 til 1988 brukte Spider-Man eit svart kostyme med kvitt edderkoppmerke over brystkassa. I Clone Saga frå 1990-talet kjem ein klone av Peter Parker, laga av den galne vitskapsmannen Miles Warren (eller Sjakalen) tilbake til New York etter å ha høyrt at helsa til tante May var forverra. Klonen har levd inkognito under namnet Ben Reilly, men tek superhelt-forma Scarlet Spider, og allierer seg med Peter Parker.
I ei teikneserie-utgåve frå januar 1995 kunngjer Watson at ho er gravid med barnet til Parker. Seinare har ein gjenoppstått Green Goblin fått Watson forgifta, noko som fører til ein alt for tidleg fødsel (og dødsfallet) til paret si ufødde dotter. Green Goblin har òg bytta ut resultata av ein klon-test i forsøk på å øydelegga livet til Parker, ved å få han til å tru at han var klonen Ben Reilly - og Reilly blir seinare drepen samtidig som han reddar Parker. Kroppen hans smuldrar straks opp til støv, noko som bekreftar at Reilly var den eigentlege klonen.
Seinare blir Watson tilsynelatande drepen i ein eksplosjon om bord på eit fly. Ho dukkar kort tid seinare opp i beste velgåande, men ho og Peter blir separerte i følgjande nummer. Parker blir tilsett som lærar ved den tidlegare vidaregåande skulen hans, og møter han gåtefulle Ezekiel som rår over liknande edderkopp-superkrefter. Parker blir deretter med i superhelt-teamet The New Avengers. Etter at begge heimane deira blir øydelagde av ein forvirra, superkraftig tidlegare klassekamerat frå vidaregåande skule, flyttar Parker, Watson og tante May til Stark Tower. Parkar byrjar å arbeida som Tony Stark sin assistent, samtidig som han er frilansar for avisa The Daily Bugle. I ei teikneserie-utgåve frå 2005 gjennomgår Parker ein transformasjon som utviklar superkreftene hans. Men seinare innfører amerikanske styresmakter ein ny lov kalla «Superhuman Registration Act» som gjer at Spider-Man må avsløra den hemmelege identiteten sin som Spider-Man for allmugen.
Seinare blir avisa The Daily Bugle omdøypt til The DB under ein ny utgjevar. Den tidlegare redaktøren for avisa, J. Jonah Jameson, blir seinare utnemnd til borgarmeister for New York. Den framandgjorte faren hans, J. Jonah Jameson, Sr., giftar seg deretter med Peter si tante May. Under ein invasjon frå utanomjordiske vesen som kan skifta form, kalla Skrulls, drep Norman Osborn Skrull-dronninga Veranke. Han utnyttar denne mykje publiserte suksessen, og posisjonerer seg som den nye direktøren for den S.H.I.E.L.D.-liknande paramilitære organisasjonen H.A.M.M.E.R. for å fremma sin eigen agenda.
I tillegg grunnlegg Osborn sin eiga Dark Avengers-gruppe. Norman sjølv leier «Dark Avengers» under kallenamnet Iron Patriot. Han tar òg i bruk ein liknande rustning/drakt han sjølv har laga som liknar på den til Iron Man. Etter forslag frå Loke finn Norman Osborn på ein grunn for å invadera Asgard, og påstår at denne verda utgjer ein trussel mot tryggleiken på jorda. Under ein kamp mot fleire superheltar fjernar Iron Man rustningen til Osborn - og Osborne endar opp som innsett ved Raft-fengselet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Spider-Man» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2023.