Spiessbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spiessbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 72°12′S 61°18′W / 72.200°S 61.300°W / -72.200; -61.300
Lengd 15 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Spiessbreen
72°12′S 61°18′W / 72.2°S 61.3°W / -72.2; -61.3
Spiessbreen is located in Antarktis
Spiessbreen (Antarktis)

Spiessbreen er ein isbre som er kring 15 km lang på Merz Peninsula, som flyt nord til ei lita bukt aust for Hjort Massif på sørsida av HiltonfjordenBlack Coast. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1966-69. Han vart kartlagt av British Antarctic Survey (BAS), 1974-75. I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter oseanografar, vart han namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1977 etter kaptein (seinare viseadmiral) Fritz A. Spiess (1881-1959) i Den tyske marinen, offiser og forskingssjef på Den tyske atlanterhavsekspedisjonen på «Meteor» 1925–27, etter at professor Alfred Merz døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Spiess Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).