Spike Heatley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spike Heatley
Fødd17. februar 1933 (86 år)
FødestadNord-London i Storbritannia
OpphavStorbritannia
Sjangerjazz
Instrumentkontrabass
Verka somJazzmusikar

Spike Heatley (fødd 17. februar 1933) er ein britisk jazzbassist frå Nord-London.

Han byrja å spele med Vic Ash's sextet i 1958[1] og spelte så ei kort tid med kvartetten til Tubby Hayes, før han slo seg saman med pianisten Eddie Thompson sin hustrio på Ronnie Scott's i Gerrard Street, medan han òg spelte med John Dankworth.

Heatley vart verande med Dankworth fram til 1962, då han vart med i Tony Coe Quintet, og turnerte med trompetisten Kenny Baker. I 1963 spelte han med Bill Le Sage og Ronnie Ross quartet, med Allan Ganley. Han byrja så å spele som studiomusikar i lag med Jimmy Page og John McLaughlin. Han var eit tidleg medlem av Alexis Korner sitt Blues Incorporated.[2] Mellom 1970 og 1974 var han ein del av jazzrockbandet CCS, og spelte på innspelingar med Rod Stewart.

I 1970-åra spelte han i husbandet til barne-TV-showet Play Away.

I 1980- og tidleg i 1990-åra spelte han i The Great Guitars med Herb Ellis, Charlie Byrd og Barney Kessel og stundom med Martin Taylor. Han spelte så i trioen til Kessel.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Presenting The Bill Le Sage - Ronnie Ross Quartet (April 1963)
  • The Other Side of the Coin (Renella Records)
  • One for Clifford and another one for Tubby (Renella Records)
  • Zurich Express (Renella Records)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Taylor's British Jazz web site Arkivert 2008-03-31 ved Wayback Machine.
  2. Cyril Davies web site