Spike Island i Bristol

Koordinatar: 51°26′47″N 2°35′43″W / 51.4465°N 2.5953°W / 51.4465; -2.5953
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

51°26′47″N 2°35′43″W / 51.4465°N 2.5953°W / 51.4465; -2.5953

The Chocolate Block Path ved Avon New Cut på Spike Island.

Spike Island er eit område og ei tidlegare øy i hamnebyen Bristol i England, like ved sentrum av byen. Det består av ei landstripe mellom Floating Harbour i nord og tidvassområdet New Cut i River Avon i sør, og frå innløpet til hamna i vest til Bathurst Basin i aust. Øya er ein del av distriktet Cabot.[1][2]

Spike Island vart danna av William Jessop tidleg på 1800-talet, då han bygde New Cut og omforma den tidlegare leia til River Avon slik at ho rann ut i Floating Harbour. Fram til den andre verdskrigen gjekk det ei sluse mellom Bathurst Basin og New Cut og Spike Island var ei ekte øy med vatn på alle sider. Under krigen var ein redd for at eit bombeåtak på slusa skulle få katastrofale følgjer og valde å fylle ho att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cabot Ward Map» (PDF). Bristol City Council. Arkivert frå originalen (PDF) 6. juli 2008. Henta 24. januar 2010. 
  2. Ordnance Survey (2005). OS Explorer Map 155 - Bristol & Bath. ISBN 0-319-23609-9.