Spike Island i County Cork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spike Island i County Cork is located in
Plasseringa til øya i Irland

Spike Island er ei øy i County Cork i Republikken Irland. Ho har eit areal på 0,42 km² i Cork Harbour utanfor byen Cork.

Ho var viktig under den franske innblandinga etter den ærerike revolusjonen og vart seinare kjøpt av dei britiske styresmaktene i 1779. Britane bygde festninga Fort Westmoreland på øya. Seinare vart festninga eit fengsel og stasjon for straffangar før dei vart transportert vidare. Festninga vart brukt som ein garnison og eit fengsel gjennom den irske sjølvstendekrigen då IRA-fangar vart halde her. Richard Barrett var av dei som vart halde her, men klarte å rømme under våpenkvilen i 1921.

Etter den anglo-irske avtalen då øya vart gjeve til den nye irske staten vart installasjonane på øya omdøypt til Fort Mitchel (etter John Mitchel, nasjonalistaktivisten og politisk journalist).

Øya vart verande eit fengsel og ein militærbase (for både den irske hæren og FCÁ) ei stund. I nyare tid har ho vorte nytta som ein ungdomsanstalt og vart noko kjend i 1985 då dei innsette gjorde opprør og ein kort periode kontrollerte området. Anlegget vart lagt ned i 2004.

I 2006 vart det annonsert planar om å byggje eit nytt fengsel på øya, men i 2007 vart alternative stader overveid i staden for.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°50′N 8°17′W

Kjelde[endre | endre wikiteksten]