Spinalonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spinalonga
Øya Spinalonga er merkt av med eit punkt inne i den raude sirkelen

Spinalonga (gresk Σπιναλόγκα) er ei øy aust av Kreta i Hellas, ved inngangen til Mirambéllobukta og i nærleiken av byen Eloúnda på Kreta. Det offisielle namnet på øya er Kalydón, og ho høyrer til Kreta.

På øya ligg det ruinar av ei gamal festning med høge murar og to sirkulære bastionar. Festninga er bygd av venetianarane i 1579 på ruinane av eit antikk tempelkompleks, akropolis, for å verne hamna i Elounda på Kreta, då innseglinga til hamna kunne kontrollerast ved hjelp av artilleriet på festninga. Det var venetianarane som gav denne øya namnet Spinalonga, som kjem frå italiensk, spina longa, som tyder lang torn. Øya fekk ikkje dette namnet av di venetianarane meinte ho likna på ein lang torn, men av di dei misstydde og forvanska det greske uttrykket στην Ελούντα, «stin Eloúnda», som tyder «til Eloúnda».

Denne venetianske festninga var den viktigaste og militært best verna av alle plassane på Kreta. Sjølv etter at hovudøya Kreta var erobra av osmanarane i 1669, gav ikkje venetianarane slepp på Spinalonga, som òg var viktig for å verne sjøvegen mot den austre luten av Middelhavet. Soleis vart Spinalonga òg ein tilfluktsstad for kristne som flykta frå tyrkarane.

Etter fallet av Candia i 1669 var denne festninga eit av tre fort att som skulle forsvara sjøvegen mot Aust-Middelhavet. Tyrkarane kringsette Spinalonga i 1715, og etter tre månader måtte venetianarane la festninga gå over på tyrkiske hender. På byrjinga av 1900-talet vart det tyrkiske herredømet nedkjempa, men med tida hadde festninga vorte mindre viktig, og øya vart fråflytta.

I 1903 bestemte den greske staten at alle spedalske i heile landet skulle plasserast på Spinalonga, isolert frå resten av folket. Der skapte dei spedalske sitt eige samfunn, med kyrkjer, skule, kafear, butikkar og sjukehus, og bygde sine eigne bustader i det gamle fortet. Det var ikkje forbode for friske menneske å gå i land på Spinalonga, men det fanst reglar om korleis dei skulle oppføra seg der. Det var forbode å omfavna innbyggjarane på øya, og dei skulle ikkje eta ved same bord.

Det vart i alt ført ut 760 menneske til øya, og det vart fødd 36 born her. Desse borna vart sende inn til legesjekk på fastlandet, og om dei var friske, vart dei tekne frå foreldra og plasserte i fosterheimar eller hos slektningar.

Spedalske måtte leva her ute heilt til 1957, over 50 år. Då var medisin og behandling blitt monaleg betre, og spedalske vart plasserte på sjukehus i Aten. Spinalonga skal ha vore den siste av spedalskkoloniane i Europa som vart lagt ned.

No er øya ein stor turistattraksjon. Årleg dreg øya til seg 30 000 menneske som reiser ut for å sjå og verta fortalde korleis livet på Spinalonga hadde vore.

Spinalonga er òg eitt av fleire namn på ei lang og aude halvøy på sjølve Kreta, aust for byen Eloúnda. Halvøya vart til ei øy i 1897 etter at franske sjøfolk grov ein kanal gjennom eidet. Denne halvøya vart nytta av tyrkarane for å bombardere festninga på øya Spinalonga under kringsettinga og erobringa i 1715.