Spinnmiddtåka
Utsjånad
| Spinnmiddtåka | |||
| Hubble-bilete av Spinnmiddtåka. Bølgjeformasjonane kan tydeleg sjåast. | |||
| Observasjonsdata | |||
|---|---|---|---|
| Rektasensjon | 18t 05m 13,1s[1] | ||
| Deklinasjon | -19° 50′ 34,9″[1] | ||
| Avstand | 3000 lysår | ||
| Stjernebilete | Skytten | ||
| Fysisike kjenneteikn | |||
| Spesielle trekk | bipolar tåka, varm sentral kvit dverg, bølgjer i forma | ||
| Andre namn | ESO 590-1, IRAS 18021-1950 [1] | ||
Spinnmiddtåka eller NGC 6537 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 3000 lysår unna jorda i stjernebiletet Skytten. Den sentrale kvite dvergen har ein estimert overflatetemperatur på meir enn 500 000 °C, noko som gjer han til ein av dei varmaste stjernene ein kjenner til. Grunna den høge temperaturen sender han òg hovudsakleg ut lyset sitt i form av røntgenstråling.
Ein kraftig stjernevind på rundt 2000-4500 kilometer per sekund har laga opp til 100 milliardar kilometer høge bølgjer i tåkematerialet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen baserer seg på biletsleppet «Surfing in Sagittarius - not for the faint-hearted!» frå det europeiske informasjonssenteret for Hubble.