Spiralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tunnelopninga.
Tunnelen.

Spiralen er ein 1 650 meter lang vegtunnel som slynger seg seks og ein halv gang i jamn stigning som ein heliks inne i Bragernesåsen i Drammen. Vegen er kommunal bomveg, open for køyring mot ei avgift.

Heliks

Den nedre tunnelopninga ligg attom Drammen sjukehus, 50 meter over havet, og den øvre ligg på Spiraltoppen (Nedre skanse, tidlegare kalla Breidablikk), 213 meter over havet. Namna Spiralen og Spiraltoppen (namnet på både staden og på vegen mellom øvre tunnelopning og parkeringsplassen) vart fastsett i 1986. På Sprialtoppen er det restaurant og eit vidt utsyn over byen, Drammenselva, Drammensfjorden, med fjella i Kongsberg og Numedal i det fjerne. Stiar og turvegar går innover i skogsområdet Drammensmarka. Drammens Museum har sitt friluftsmuseum 300 meter innanfor Spiraltoppen. Her er det 21 gamle tømmerhus som skal illustrere farne tiders gardsdrift og bygningstradisjonar i Buskerud.

Tunnelen er ni meter brei, kvar slyng har ein radius på 35 meter, og høgda i tunnelen, som opphavleg var 3,1 meter, er seinare auka, slik at moderne turistbussar kan køyre opp. Stigninga er 1:10.

Den nedre tunnelopninga ligg i eit tidlegare steinbrot som heilt frå byrjinga på 1900-talet hadde vore nytta til å skaffe stein til gatene i byen. Sjølve tunnelen vart òg bygd som eit steinbrot for å skaffe stein til utbygging av dei to gatene Rosenkrantzgata og Bjørnstjerne Bjørnsons gate på 1950-talet. Ingeniør Eivind Olsen lanserte då ideen om å hente steinen frå ein slik tunnel, som både ville verte ein attraksjon for byen og eit langt mindre skjemmande inngrep i naturen enn eit ope steinbrot. Arbeidet med tunnelen vart sett i gang i 1953 etter at 70 000 kubikkmeter med stein allereie var sprengd ut i steintaket. Tunnelen vart opna av kong Olav V i 1961, som var året for byen Drammens 150-årsjubileum. Eivind Olsen er heidra med ein plakett med teksten «Spiralens far - byingeniør i Drammen 1957-66» som er sett opp i nærleiken av utsynspunktet på Spiraltoppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]