Spiralsaka
Utsjånad
Spiralsaka handlar om at danske lækjarar på 1960- og 1970-talet utan samtykkje sette inn spiral på fleire tusen grønlandske kvinner, ofte utan at kvinnene viste om det[1][2]. Mange av kvinnene var berre barn då inngrepa vart utførte, den yngste var berre 12 år[3].
Grunnen til dette var at danskane ynskte å redusera fødselsraten og dermed talet på grønlendingar; noko som er eit klart brot på fleire artiklar i Den europeiske menneskerettskonvensjonen:
- Artikkel 3: Forbod mot tortur
- Artikkel 8: Rett til respekt for privatliv og familieliv
- Artikkel 14: Forbod mot diskriminering
Inngrepa førte til at fødselsraten på Grønland vart halvert og mange av kvinnene fekk helseproblem seinare i livet[3].
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «143 kvinder fra spiralsagen trækker Danmark i retten og kræver millionerstatning», KNR (på dansk), henta 31. januar 2025
- ↑ «143 kvinder har stævnet den danske stat i spiralsagen», DR (på dansk), 4. mars 2024, henta 31. januar 2025
- ↑ 3,0 3,1 «Inuit Greenlanders demand answers over Danish birth control scandal» (på engelsk). 30. september 2022. Henta 31. januar 2025.