Spirskrikje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spirskrikje
Spirskrikje Foto: Doug Janson
Spirskrikje
Foto: Doug Janson
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Spirskrikjefamilien
Slekt: Platylophus
Art: Spirskrikje P. galericulatus
Vitskapleg namn
Platylophus galericulatus

Spirskrikje (Platylophus galericulatus) er ein mellomstor, støyande og særs kjenneleg mørk sporvefugl med ekstrem lang fjørtopp som lever i Søraust-Asia. Han var tidlegare trudd å vere ein kråkefugl, men frå 2018/2022 er han klassifisert i sin eigen familie Platylophidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjørtoppen er ofte litt framoverbøygd.
Foto: Roland Adam

Spirskrikja har storleik som ei kaie, ca. 31-33 centimeter i kroppslengd og masse på 78-114 gram. To av tre underartar har mørk brun til svart fjørdrakt, ein tredje underart på Borneo er noko lysare brun. Alle har ein kjenneleg nokså brei kvit sigdforma flekk langs sidene av halsen, samt to små kvite flekker ved auget. Den oppreiste fjørtoppen på hovudet er uvanleg lang og består av berre to kraftige fjører. Både beina og nebbet er svarte, nebbet er relativt lite med ein kort krok på tuppen. Kjønna er like, men ungfuglar skil seg frå vaksne med meir raudbrun farge.

Dei lever lågt i lauvskog i utbreiingsområdet sitt på sørlege Malayahalvøya, Sumatra, Borneo og Java. Her beitar dei på virvellause dyr og insekt, einskildvis eller i små grupper. Dei er tillitsfulle ovanfor menneske. Dette er ein standfugl.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande grunna tap av habitat. Arten er klassifisert som globalt nært truga, NT.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Debus, S. & Sharpe, C.J. (2018) Crested Shrikejay (Platylophus galericulatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. august 2018
Referansar
  1. BirdLife International (2018) Species factsheet: Platylophus galericulatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. august 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Spirskrikje