Spisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ranaspisse bygd kring 1930.
Foto: Andreas Vartdal

Spisse er ein liten og lett bruksbåt som har vorte bygd i Nordland sidan slutten av 1800-talet. Då hadde båttypar frå Sør-Noreg, som listerbåtar og møringar, vore i bruk under fiskeria i Nord-Noreg. Båtbyggjarar nordpå prøvde etter kvart å bygge båtar med liknande eigenskapar. Den første ranaspissa vart konstruert og bygd av Mikael Nordås frå Drevvatnet i Elsfjord. Han fekk teke nokre mål av ein båt ombord i hurtigruta då ho låg i Hemnesberget. Den båten var frå Færøyane. Ut frå måla han tok, skapte han ein spissbåt, som synte seg å verte vellukka. Snart var det fleire som ville ha denne båten. Andre båtbyggjarar i distriktet tok etter og bygde liknande båtar.

Spissa vart ein praktisk og rimeleg bruksbåt. Ho vart mykje nytta til heimefiske og til lokal transport, og utkonkurerte nordlandsbåten på dette området. Ho fylte og eit nytt bruksområde. Dei større, ofte motoriserte fiskefartøya som no kom i bruk, låg ute på hamna i utfar når dei var i land. Spissa egna seg godt til skyss til og frå båtane på hamna. Ho var kraftigare enn jolla. Den korte kjølen gjorde at ho lettare kunne manøvrerast på tronge hamner enn nordlandsbåten. Spissa var rimeleg. Til bygging av ein nordlandsfæring gjekk det med mange røter. Dei vart det mindre bruk for ved spissebygging. I tillegg kunne borda vere smalare, og dermed enklare å skaffe.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med nordlandsfæringen var overgangen mellom kjøl og stamn slakkare. For å sleppe å bruke å bruke ved med særleg krumning, vart stamnane samansett av fleire deler som vart laska eller limte saman. Ein slutta å bruke lòt. Stamnen vart sett rett på kjølen.

Det vert brukt både fastband og lausband i spissene, men ikkje betar. Fastbanda vart samansett av fleire deler; botnband og opplengarar. Fastbanda i skutane er heile, uthogde av rotemne. Dei tynnanre lausbanda, som ligg i romma mellom fastbanda, vert laga av selje. Ho er langfibra og lett å bøye. I toftene er det hakk som passar ned på fastbanda. Framtofta, og kanskje ei av dei andre , er festa med tofteknektar til ripbordet. Dette for å stive av båten når ein ikkje brukar betar. Dette er om lag same måten som ein festar tofter på på austlandsbåtar og strandebarmarar.

Ripa var i førstninga vanleg Rana-rip. På 1950 talet gjekk mange over til å bygge med Trongmo-rip. Båtbyggjarane hadde og sine individuelle løysingar på ripkonstruksjonen.

I Rana har spissa vorte bygd av gran. Spisser som har vorte bygde i Saltdal, er bygde av furu. På saltdalspissene vert det brukt lòt mellom stamn og kjøl. Kjølen er kortare og meir avrunda. Det gjer at spisser frå Saltdal er lettare å svinge, men dei er mindre retningsstabile ved roing og segling.

Spisser har vorte bygde med 2 rom, 2 1/2 rom og 3 rom. Dei siste har då 3 par keipar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ulf Mikalsen:Trebåtbygging - Bygging av spissbåt i Rana, Båtbyggerens forlag, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotoalbum for ulf.no