Spisskollektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spisskollektor er ein oppsamlar for luftelektrisitet og vert brukt til å måle potensialet i lufta. Ein spisskollektor består av ein metallspiss, som er knytt til eit statisk voltmeter eller elektrometer. Viss potensialet til spissen avvik vesentleg frå omgivnadene sine, blir lufta ionisert omkring, og spissen trekkjer ladning til seg inntil han har fått same potensial som omgivnadene. For å auke ionisasjonen og få nøyaktigare målingar blir ofte eit belegg av radioaktivt stoff lagt på spissen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]