Spittal an der Drau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spittal an der Drau

Spittal an der Drau er ein by og ein kommune i forbundslandet Kärnten i Austerrike som òg er forvaltningssete for Distriktet Spittal an der Drau. Kommunen har ei flatevidd på 48,6 km² og i kring 15 500 ibuarar. Spittal er den tredje mest folkerike byen i Kärnten. Han ligg 560 meter over havet der elva Lieser renn ut i Drau.

Byen har namn etter eit hospital som vart grunnlagd her i 1191. Hospitalet skulle sørgje om pilegrimane som kom over fjellovergangane Katschberg og Radstädter Tauern på reise til eller fra Salzburg.

Skihopparen Thomas Morgenstern er frå Spittal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]