Spjelkavikelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spjelkavikelva
elv
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Nedslagsfelt 30,89 km²
Renn gjennom Spjelkavik
Lengd 2,25 km
Middelvassføring 1,11 /s
Kjelde Brusdalsvatnet
 - høgd 26 moh.
Munning Åsefjorden ved Spjelkavik
 - høgd moh.
Kart
Gamleelva
62°27′37″N 6°21′34″E / 62.4603722°N 6.3594472°E / 62.4603722; 6.3594472

Spjelkavikelva (også kalla Gamleelva) er ei elv i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Den renn frå Brusdalsvatnet (26 moh.) mot vest til munninga i Åsefjorden ved Spjelkavik. Elva er 2,25 km lang.[1] Den har eit nedbørfelt30,89 km² og middelvassføring ved osen er 1,11 m³/s.[2]

Elva var nytta til kraftproduksjon frå 1917. Kraftstasjonen Spjelkavik var i drift til 1981.[3][4][4] For å leie vatn til kraftstasjonen blei det grave ein kanal frå Lillevannet (ein mindre innsjø nedanfor Brusdalsvatnet) til bygdesenteret.[4] Planen om kraftverk blei diskutert frå 1893. Kraftstasjonen leverte 600 kW og var Ålesunds elektrisitetsforsyning til Tafjord kraftselskap leverte straum frå 1923. Stasjonen blei i 1923 overført til Spilkevigs fabrikk for garn og anna fiskeutstyr.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NVE Atlas, Elvenett, dato=7. februar 2015
  2. NVE Atlas, Nedbørfelt, dato=7. februar 2015
  3. Utbygget vannkraft i Norge. I kommisjon hos Aschehoug. 1930. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Grytten, Harald (1997). Byleksikon. Ålesund: Sunnmørsposten forl. ISBN 8291450056. 
  5. Braaten, Ivar G. (1995). "Næsten som dagslys": elektrisitetsforsyninga i Ålesund og Sula gjennom 100 år. Ålesund: Ålesund og Sula everk. ISBN 8299368006.